Liv Hatle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liv Hatle
Fødd26. februar 1936
NasjonalitetNoreg
Yrkelege
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Liv Kristin Hatle (fødd 26. februar 1936) var ein norsk kardiolog og forskar fødd i Kirkenes. Ho var ein pioner innan bruk av Doppler- og ultralydteknikk til hjartediagnostikk og har publisert over 125 vitenskapelege artiklar og bøker innan dette emnet. Boka Doppler ultrasound in cardiology: physical principles and clinical applications som ho og Bjørn Angelsen gav ut i 1985 var banebrytande.

Liv Hatle fekk Noregs allmennvitskaplege forskningsråds pris for framifrå forsking i 1996 og vart same år også æresdoktor ved NTNU. I 1997 fekk ho Anders Jahres medisinske pris. I 2008 fekk ho saman med Bjørn Angelsen Nasjonalforeningens Hjertepris for sitt arbeid med å utvikle kardiologisk ultralyddiagnostikk. Prisen vart delt ut av Kong Harald.

Ho blei utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Leuven i Belgia i 2020, etter å ha vore gjesteprofessor der på starten av 2000-talet.[1]

I 2003 fekk ho gullmedalje av European Association of Cardiology.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Katrien Steyaert (8. mars 2022). «Honorary doctorate Liv Hatle». Sett om av John Arblaster. KULeuven. Henta 26. juni 2023.