Liv Rosmer Fisknes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Liv Rosmer Fisknes
Fødd 10. august 1947 (74 år)
Yrke prest, skribent

Liv Rosmer Fisknes (fødd 10. august 1947) er ein tidlegare norsk prest og forfattar. Ho er kjend for virket sitt som fengselsprest og arbeid blant prostituerte og AIDS-sjuke.

Fisknes starta arbeidet sitt blant rusmisbrukarar i 1967. Deretter jobba ho som fengselsprest. I 1981 var ho med på å starta opp Nadheim, senter for kvinner og menn med prostitusjonsrøynsle, i Kirkens Bymisjon.[1] Ho var sokneprest i Torshov forsamling og deretter sokneprest og prost i Bærum prosti. Ho var her til ho gjekk av med pensjon i 2010.[1] Fisknes har òg vore leiar av Landsforeningen mot AIDS (no HivNorge).[2] Frå 2002 til 2006 var ho leiar for Kompetansesenter for likestilling.[3]

Fisknes har skrive eller bidrege til fleire bøker, blant Kroppens sug og hjertets lengsel. (Gyldendal, 1993).[2]

Ho fekk Brobyggerprisen i 1987.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]