Live!!!! Almost!!!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Live...Almost!!!
Konsertalbum av The Dillards
Språk engelsk
Utgjeve 1964
Sjanger Bluegrass
Lengd 42:46
Selskap Elektra
Produsent Jim Dickson
The Dillards-kronologi 
Back Porch Bluegrass
(1963)
Live...Almost!!! Pickin' & Fiddlin'
(1965)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars [1]

Live...Almost!!! er det andre albumet til bluegrasskvartetten The Dillards, spelt inn på ein konsert på The Mecca i Los Angeles og gjeve ut i 1964 på Elektra.

Albumet inneheld ei blanding av tradisjonelle songar og songar skrivne av bandet, i tillegg til eit par coverversjonar, som «Walkin' Down the Line» av Bob Dylan.

I tillegg til somme kjappe bluegrassongar og somme meir langsame, folk-aktige songar, er albumet full av humor, og Mitch Jayne fortel morosame soger som introduksjon til fleire av songane.

I 2001 kom albumet ut på ny som ei dobbelplate i lag med debutplata, Back Porch Bluegrass.

Allmusic skreiv om albumet: «Ein god del av speletida er nytta til den vittige praten til bassisten Mitch Jayne mellom songane, som utan tvil var med på å gjere The Dillards populære på nattklubbane i LA utan lojale bluegrassfans. Sjølv om Jayne er morosam, er det den glimrande spelinga til Doug Dillard på banjo, Rodney Dillard på gitar og Dean Webb på mandolin som gjer dette albumet verdt å høyre på i dag. Desse tre musikarane syner ein enorm respekt for røtene til denne musikken i tillegg til at dei har ei melodikjensle som gjer dei nok rom til å utforske nye område, og sjølv bluegrassklassikarar som «Black-Eyed Susie», «Old Blue» og «Pretty Polly» får ei frisk og spanande handsaming her. Og sjølv om desse karane kan spele i eit forrykande tempo, er det ei kjensle av at kvar note i desse framføringane gjev ei flott kjensle av rom og form i denne musikken på scenen.»[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Black Eyed Susie»Tradisjonell2:20
2.«Never See My Home Again»Rodney Dillard, Mitch Jayne3:17
3.«There Is a Time»Rodney Dillard, Mitch Jayne2:46
4.«Old Blue»Tradisjonell5:30
5.«Sinkin' Creek»Douglas Dillard2:27
6.«The Whole World Round»J. Stuart, Mitch Jayne3:25
7.«Liberty!»Tradisjonell2:24
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
8.«Dixie Breakdown»Don Reno2:27
9.«Walkin' Down the Line»Bob Dylan2:55
10.«Jody's Tune»Rodney Dillard, Dean Webb2:27
11.«Pretty Polly»Tradisjonell4:58
12.«Taters in Sandy Lane/Gimme Chaw T'Baccer»H. Dillard3:41
13.«Buckin' Mule»Tradisjonell4:09

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Rodney Dillard - solovokal, gitar, munnspel, mandolin
  • Douglas Dillard - banjo, gitar, vokal
  • Mitchell Jayne - bass, vokal
  • Dean Webb - mandolin, vokal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]