Live It Up

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Live It Up
Studioalbum av Crosby, Stills and Nash
Utgjeve 26. juni 1990
Innspelt 1. februar 1986 - 5. februar 1990
Sjanger Rock
Lengd 39:17
Selskap Atlantic
Produsent Crosby, Stills & Nash
Joe Vitale, Stanley Johnston
Crosby, Stills and Nash-kronologi
American Dream
(1988)
Live It Up CSN
(1991)


Live It Up er det tiande albumet til Crosby, Stills & Nash, det fjerde studioalbumet deira som trio, gjeve ut på Atlantic Records i 1990. Albumet nådde 57. plassen på Billboard 200 med eit salstal på 300 000. Det er det første studioalbumet deira som ikkje selde til minst gullplate i USA.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter David Crosby kom ut av fengsel drog han ut på turné med Stephen Stills og Graham Nash som CSN i 1987 og 1988.[2] Innspelinga av det andre CSNY-albumet med Neil Young vart samstundes spelt inn i løpet av dei åra, men kvartetten valte å ikkje dra ut på turné i lag. Albumet fekk dårleg mottaking og Stills rekna kritikken som «planlagt».[3] I 1989 drog Stills og Young ut på turné med kvar sine eigne band, medan Crosby og Nash byrja å arbeide på det som kom til å bli eit nytt Crosby & Nash-album. Crosby gav òg ut sitt eige soloalbum, Oh Yes I Can, den sommaren.[4] Stills gjekk saman med Crosby og Nash for å spele under nedrivinga av Berlinmuren seint i 1989, og innspelingane for det nye Crosby & Nash-albumet utvikla seg til eit nytt Crosby, Stills & Nash i staden.[5] Atlantic hadde oppfordra Stills og Nash til å inkludere Crosby i prosjektet som vart Daylight Again attende i 1981.[6]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn i fleire studio kring Los Angeles, hovudsakleg i The Record Plant. Delar av «Live It Up» byrja i Home-Brew Studio i Ohio og vart gjort ferdig i profesjonelle studio. «If Anybody Had a Heart», «Arrows», og «After the Dolphin» vart spelte inn i Devonshire Studios; «(Got to Keep) Open» vart spelt inn i Capitol Records.

Nash, som i praksis leia prosjektet, har uttrykt misnøye med innspelingane. I tillegg til at han var ukomfortabel med leiarrolla og sa «berre ein gong song med i lag i ein mikrofon. Så slik sett var det ikkje eit verkeleg CSN-album.»[5]

Bandet turnerte for å marknadsføre albumet i 1990, men ingen av desse songane vart faste i repertoaret til gruppa, og berre «House of Broken Dreams» og «Yours and Mine» vart spelte på enkelte konsertar etter 1990.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic1.5/5 starsStar half.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[7]
Entertainment WeeklyC+[8]

Greg Sandow skreiv i Entertainment Weekly at Live it Up er dominert av melodiar som er fengande, men for generiske og sjellause. Han la til at songane «Yours and Mine», «Arrows», og særleg «After the Dolphin» gav genuin djupne og meining, men at det samla produktet er «eit merkeleg tamt album som berre den hardaste kjernen av fansen vil like.»[8]

Jeff Giles skreiv om Live it Up i serien «Whoops!», og omtalte det som eit flaut og mislykka forsøk på å blande hippie-tankegangen frå fortida til Crosby, Stills & Nash med den glatte produksjonen frå tida då albumet vart spelt inn. Han meinte det samtidige albumet til Don Henley, The End of the Innocence, som eit mykje betre forsøk på denne kombinasjonen.[9] I ei seinare melding for Allmusic skreiv William Ruhlmann at han likte synginga til bandet og musikaliteten til studiomusikarane, men at songane ikkje var gode nok og at Live It Up var det svakaste Crosby, Stills & Nash-albumet.[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «Live It Up»  Joe VitaleNash 3:54
2. «If Anybody Had a Heart»  John David Souther, Danny KortchmarNash 4:28
3. «Tomboy»  Stephen StillsStills 3:22
4. «Haven't We Lost Enough?»  Stephen Stills, Kevin CroninStills with Crosby & Nash 3:06
5. «Yours and Mine»  Craig Doerge, David Crosby, Graham NashCrosby 4:21
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «(Got to Keep) Open»  Stephen Stills, Graham NashStills 4:40
2. «Straight Line»  Tony BeardNash 3:12
3. «House of Broken Dreams»  Graham NashNash 3:18
4. «Arrows»  Michael Hedges, David CrosbyCrosby 3:51
5. «After the Dolphin»  Graham Nash, Craig DoergeNash 5:05

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Joe Vitaletrommer; synthesizer på «Live It Up», «If Anybody Had a Heart», «Tomboy», «Yours and Mine», «(Got to Keep) Open», «House of Broken Dreams», «Arrows», og «After the Dolphin»; klaverinstrument på «"Live It Up», «If Anybody Had a Heart», og «Yours and Mine»; orgel på «After the Dolphin»; perkusjon på «Straight Line»
  • Craig Doerge – klaverinstrument på «If Anybody Had a Heart», «Yours and Mine», «Straight Line», «House of Broken Dreams», «Arrows», og «After the Dolphin»
  • Bob Glaub – bass på «Tomboy», «Yours and Mine», «Straight Line», og «House of Broken Dreams»
  • Leland Sklar – bass på «If Anybody Had a Heart», «Arrows», og «After the Dolphin»
  • John David Souther – vokal på «If Anybody Had a Heart»
  • The Williams Family – vokal på «Live It Up»
  • Branford Marsalissopransaksofon på «Yours and Mine» og «Arrows»
  • Mike Landau – gitar på «If Anybody Had a Heart» og «After the Dolphin»
  • Roger McGuinn – gitar på «If Anybody Had a Heart»
  • Peter Frampton— gitarsolo på «Straight Line»
  • Bruce Hornsbypiano, trekkspel på «(Got to Keep) Open»
  • Tony Beard – perkusjonsprogrammering på «Yours and Mine»; elektrisk gitar på «Straight Line»
  • Mike Fisher – perkusjon på «If Anybody Had a Heart» og «After the Dolphin»
  • Michito Sanchez – perkusjon på «Tomboy» og «(Got to Keep) Open»
  • Vince Charles – perkusjon på «Arrows»
  • Rand Wetherwax – lyddesign, inkludert radiosendinga med Simon Jones og Harry S. Truman på «After the Dolphin»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «RIAA - Soundscan». Greasylakes. Henta 23. januar 2019. 
  2. Zimmer, Dave. Crosby, Stills & Nash The Biography. Da Capo Press 2000, ISBN 0-306-80974-5, s. 265.
  3. Zimmer (2000), s. 266.
  4. Zimmer (2000), pp. 267-268.
  5. 5,0 5,1 Zimmer (2000), p. 268.
  6. Zimmer (2000), pp. 229.
  7. 7,0 7,1 Ruhlmann, William (2011). «Live It Up – Crosby, Stills & Nash | AllMusic». allmusic.com. Henta 21. januar 2019. 
  8. 8,0 8,1 Sandow, Greg (20. juli 1990). «Live it Up». Entertainment Weekly. Henta 23. januar 2019. 
  9. Giles, Jeff (4. mars 2010). «Whoops!: Crosby, Stills & Nash, Live it Up». Pop Dose. Henta 23. januar 2019.