Live at Carnegie Hall 1963

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Live at Carnegie Hall 1963
Konsertalbum av Bob Dylan
Utgjeve 15. november 2005
Innspelt 26. oktober 1963
Spelestad Carnegie Hall i New York City
Sjanger Folk
Lengd 31:53
Selskap Columbia
Bob Dylan-kronologi
The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack
(2005)
Live at Carnegie Hall 1963 The Best of Bob Dylan
(2005)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg [1]

Live at Carnegie Hall 1963 er ei utgjeving av ein konsert med seks songar av Bob Dylan. Det kom ut som ein EPColumbia Records i 2005. Songane vart spelte inn 26. oktober 1963 i Carnegie Hall i New York City.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skriven av Bob Dylan.

# Tittel Lengd
1. «The Times They Are A-Changin'»   4:04
2. «Ballad of Hollis Brown»   6:03
3. «Boots of Spanish Leather»   5:39
4. «Lay Down Your Weary Tune»   5:04
5. «North Country Blues»   4:16
6. «With God on Our Side»   6:49

Fire andre songar frå denne konserten er blitt gjevne ut på andre Bob Dylan-samlingar: «Talkin' John Birch Paranoid Blues» og «Who Killed Davey Moore?» som begge kom ut på The Bootleg Series Volumes 1–3 (Rare & Unreleased) 1961–1991, medan «A Hard Rain's A-Gonna Fall» og «When the Ship Comes In» kom ut på The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack.

Dei ni attverande songane som vart framført på konserten kom ut i 2013 på ei europeisk, avgrensa vinylutgåve kalla The 50th Anniversary Collection 1963, gjeve ut på Columbia Records for å hindre at ei rekkje Dylan-innspelingar lovleg hamna i offentleg eige i Europa. Desse ni songane er «Blowin' in the Wind», «Percy's Song», «Seven Curses», «Walls of Red Wing», «Talkin' World War III Blues», «Don't Think Twice, It's All Right», «Only a Pawn in Their Game», «Masters of War» og «The Lonesome Death of Hattie Carroll».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Live at Carnegie Hall 1963Allmusic