Liverpool Sound Collage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Liverpool Sound Collage
Studioalbum av Paul McCartney
Utgjeve 21. august 2000
Innspelt 1963, 1964, 1965, 1967, 1968, 1991 og 2000
Sjanger Electronica, ambient, avantgarde, musique concrète, støy
Lengd 58:24
Selskap Hydra (Storbritannia)
Capitol (USA)
Produsent Paul McCartney
Paul McCartney-kronologi
Working Classical
(1999)
Liverpool Sound Collage Wingspan: Hits and History
(2001)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Encyclopedia of Popular Music3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
NME2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]
Ultimate-Guitar.com2.7/10[4]

Liverpool Sound Collage er eit ambient electronica-album av Paul McCartney, men òg kreditert The Beatles, Super Furry Animals og Youth. McCartney hadde tidlegare arbeidd på to prosjekt med Youth under namnet The Fireman. Fordi McCartney var så mykje involvert i dette albumet, i tillegg til at han var produsent, vert Liverpool Sound Collage, som kom i 2000, generelt rekna som ein del av hovuddiskografien hans og vert sortert under hans namn.

McCartney vart spurd av kunstnaren Peter Blake om å skape noko musikalsk med anda til Liverpool i seg til ei kunstutstilling. McCartney henta fram studioprat frå innspelingane til The Beatles (derfor er dei kreditert) og klipp av det klassiske stykket Paul McCartney's Liverpool Oratorio frå 1991. Han kan òg høyrast der han går rundt og spør forskjellige folk på gata om Liverpool og The Beatles. Albumet inneheld oppklipte rytmar og digital manipulering av forskjellige lydklipp.

Liverpool Sound Collage vart nominert til Grammy-prisen i 2001 for beste alternative musikkalbum.

For å ha fått lov til å remikse noko Beatles-musikk for albumet, vart McCartney spurt om å spele på det neste albumet til Super Furry Animals, Rings Around the World, der han er oppført med «selleri og gulrot» på «Receptacle for the Respectable».

I 2017 vart det avslørt at refrenget på «Free Now» er teke frå det niande opptaket av tittelsporet frå Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «Plastic Beetle» (Paul McCartney, The Beatles) 8:23
2. «Peter Blake 2000» (Super Furry Animals, The Beatles) 16:54
3. «Real Gone Dub Made in Manifest in the Vortex of the Eternal Now» (Youth) 16:37
4. «Made Up» (Paul McCartney, The Beatles) 12:58
5. «Free Now» (Paul McCartney, The Beatles, Super Furry Animals) 3:29

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ginell, Richard S.. Liverpool Sound CollageAllmusic
  2. Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th edn). New York, NY: Oxford University Press. s. 1257. ISBN 0-19-531373-9. 
  3. NME review
  4. Ultimate-Guitar review
  5. Sgt Pepper: listen to an unreleased outtake of the Beatles' classic