Livets dans i Nasjonalmuseet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Livets dans. Samlinga frå antikken til 1950 er basisutstillinga til Nasjonalgalleriet frå 29. april 2011 til 31. desember 2014.[1] Dei fire hovudmotiva i utstillinga er I.C. Dahl og romantikken, Christian Krohg og realismen, dei kjende verka til Edvard Munch og det norske stemningsmåleriet rundt 1900.[2]

Lanseringa av ei ny basisutstilling «Alle snakker om museet» i februar 2005 vekte reaksjonar, men førte òg til auka tilstrøyming.[3] Det mest omtala var at ein splitta opp «Munch-rommet», og synte bileta til Munch saman med andre samtidige målarar. Ein erstatta eit kronologisk prinsipp med eit tematisk. Basisutstillinga vart revidert i 2011, og i den gjeldande basisutstillinga Livets dans. Samlinga frå antikken til 1950 er Munchrommet og eit kronologisk prinsipp innført att.[4] Den nye basissamlinga har vore omtala som «en kortversjon av verdens kunsthistorie fremfor å speile museets egen samling»[5]

I Kunstkritikk skriv Ingvild Krogvik at Livets dans er den beste samlingsutstillinga Nasjonalgalleriet har laga i nyare tid.[1]

Basisutstillinga[endre | endre wikiteksten]

«Albertine i politilegens venteværelse» frå1885–87, 211x326 cm. Olje på lerret i Nasjonalgalleriet
Lucas Cranach den eldre: «Den gylne tidsalder» eller «Gullalderen» frå rundt 1530.
Olje på treplate, 75x103,5 cm.

I tillegg til måleria på veggane inneheld fleire av salane ein skuffeseksjon med eit utval av grafikk og teikningar til same tema/periode.

Trappa[endre | endre wikiteksten]

I trappa heng Christian Krohg-måleria «Albertine i politilegens venteværelse» 1885-87, «Leif Erikson oppdager Amerika», 1893 og «Kampen for tilværelsen», 1888-89. I tillegg står Charles Despiau si portrettbyste av Jens Thiis, frå 1933–35 her.

A. Gresk kunst i antikken, «Gudar»[endre | endre wikiteksten]

I denne delen finn ein mellom anna Torso av gud, f. eks. Apollon, Asklepios, Typus Museo Nuovo, torso, Isisprestinne/kvinnelig farao torso, Persefone/Kora, Typus Urania Uffizi av Praxiteles Torso, romersk lenos (sarkofag) med eroter, Eros og Psyche (dans), Hermes av Polykleitos, hovud, Archaisk hovud (KIM) og Andrea Locatelli, Bakkantinner og faunar.

B. Romersk kunst i antikken, «Menneske»[endre | endre wikiteksten]

Av verk stilt ut i dette rommet finn ein skulpturar og/eller bystar av Aristoteles, Pindar, Olympiodoros, Cato, Nero, Trajan, Marcus Aurelius, Geta, Elagabalus og Alexander Severus og ein romersk bornesarkofag med sirkusframstilling. Den nederlandske målaren Jacob van der Ulfts måleri «Ei sjøhamn» heng òg her.

C. Ikonar frå Russland[endre | endre wikiteksten]

I neste rom er ei samling ikonar frå mellomalderen med «Den heilage biskop Nikolaus», «Dei kongelege dørene», «Maria med barnet», «Jesu fødsel», «Presentasjonen i tempelet», «Transfigurasjonen» og «Kristi Himmelfart».

D. Nordeuropeisk renessanse[endre | endre wikiteksten]

Renessanserommet inneheld berre seks måleri[1] og her finn ein Lucas Cranach, d.e. med «Gullalderen» frå rundt 1530, Lucas Cranach, d.e. Kopi etter: «Kristus og ekteskapsbryterska», Lucas Cranach, d.e.: «Madonna med barnet» og Lucas Cranach d.y.: «Kvilande kjeldenymfe» frå 1550.

I skuffseksjonen finn ein eit utval av grafikk av Albrecht Dürer.

E. Prosjektrom[endre | endre wikiteksten]

Ingeborg Andresdatter Gulsvig, som Brud 21/6 49. Teikninga laga Tidemand same dag, han var gjest i bryllaupet i Flå. Ingborg Andresdatter Gulsvig var 17 år gamal da ho gifta seg med den 20 år eldre lensmannen Ole Olson Gulsvik i 1849.[6]
Akvarell og blyant på papir. Mål:338x255 mm

I prosjektrommet er Adolph Tidemands draktstudiar montert saman med Trine Søndergaards fotografi frå Fanø av kvinner i tradisjonelle hovudplagg.[1]

  • Adolph Tidemand: Hallingdalsjente, 1843
  • Adolph Tidemand: Elseberg Herrestvedt, 1871
  • Adolph Tidemand: Guro Sivertsdatter Travendal, 1874
  • Adolph Tidemand: Anna Gulsvig, 1848
  • Adolph Tidemand: Gunild Olsdatter fra Tinn, 1848
  • Adolph Tidemand: Ingeborg Andersdatter Gulsvig, (1849)
  • Adolph Tidemand: Biret Helleggsdotter, Rustan, Flesberg
  • Adolph Tidemand: Eli Halvorsdatter Medgaren, 1848
  • Adolph Tidemand: Pål Knutsen Enderud, Uvdal og kvinne i numedalsdrakt, 1848
  • Adolph Tidemand: Gjertrud Skjønne og Gunhild Torstensdatter Skjønne, 1848
  • Adolph Tidemand: Mari Aslaksdatter og Anders How fra Sigdal, 1849
  • Adolph Tidemand: Aase Rasmusdatter Stranden og Anna Troelsdatter Kittelsviken, 1849
  • Adolph Tidemand: Jente i bunad, Oline, bukken, 1843
  • Adolph Tidemand: Kvinne i bunad, 1843
  • Adolph Tidemand: Ingeborg Andersdatter Gulsvig som brud, 1849
  • Adolph Tidemand: Draktstudier, Valle i Setesdal, 1848
  • Adolph Tidemand: Aagot Knutsdatter Mykin og Astrid Knutsdatter Hell, 1849
  • Adolph Tidemand: Britta Peersdotter Reisæter, Ullensvang, 1843
  • Adolph Tidemand: Kari Helgesen Vasenden, Granvin, 1843
  • Adolph Tidemand: (U.t.), 1852
  • Adolph Tidemand: (U.t.), 1852

F. Barokkmåleri frå samlinga[endre | endre wikiteksten]

Anthonis van Dyck: Portrett av koparstikkaren Karel van Mallery.
Olje på lerret, 100 × 84 cm

I skuffseksjonen finn ein eit utval av grafikk frå barokken, mellom anna verk av Rembrandt, Abraham Bloemaert , Gerard van Honthorst, Allaert van Everdingen, Guercino, Gaspare Diziani, Tommaso Manzuoli, Annibale Carracci, Bartolomeo Passerotti og Carlo Cignani.

G. Langaard-samlinga, rundt 70 verk[endre | endre wikiteksten]

Nicolai Abildgaard: «Julia og Fulvia»
Olje på lerret. Mål: 47 x 46,5 cm
I.C. Dahl: «Dresden i måneskinn».

H. Romantikk I[endre | endre wikiteksten]

I. Romantikk II[endre | endre wikiteksten]

J. Dansk gullalder[endre | endre wikiteksten]

  • Bertel Thorvaldsen: «De tre gratier lyttar til Amors song», 1818
  • Knud Baade: «Fra Kunstadademiet i Køpenhavn», 1827/28
  • Christoffer Wilhelm Eckersberg: «Københavns Reed Den 1. May 1832, Prins Frederik gaar ombord paa Fregatten Havfruen for at gøre sig en Sejltur»
  • I.C. Dahl: «Fra Øresund», 1818
  • Christen Købke: «Medaljør F.C. Krohn», 1839
  • Constantin Hansen: «Hyrdedreng i tempelet, Paestum», 1854
  • Jens Juel: «Fru Elisabeth Sophie Chrystie», 1801
  • Jens Juel: «Kjøpmann David Chrystie», 1801

K. Studiar og forarbeid[endre | endre wikiteksten]

L. I.C. Dahl[endre | endre wikiteksten]

M. Thomas Fearnley og det norske landskapsmåleri etter Dahl[endre | endre wikiteksten]

Thomas Fearnley: «Grindelwaldgletscheren» frå 1838
Olje på lerret
157 x 194 cm[7]
  • Thomas Fearnley: «Grindelwaldgletscheren», 1838
  • Thomas Fearnley: «Grindelwaldgletscheren», 1837
  • Thomas Fearnley: «Landskap med vandringsmann», 1830
  • Thomas Fearnley: «Labrofossen ved Kongsberg», 1837
  • Thomas Fearnley: «Slindebirken», 1839
  • Thomas Fearnley: «Brücke über eine Schlucht bei Mondschein»
  • Peder Balke: «Fyr på den norske kyst», ca. 1855
  • Peder Balke: «Stetind i tåke», 1864
  • Lars Hertervig: «Borgøya», 1867
  • Lars Hertervig: «Skogtjern», 1865
  • Johan Fredrik Eckersberg: «Fra Horgheim i Romsdal», 1857
  • Amaldus Nielsen: «"Munkestaava" ved Balestrand», 1865
  • August Cappelen: «Foss i nedre Telemark», 1852

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Ingvild Krogvig: Internasjonalgalleriet frå Kunstkritikk
  2. Livets dans. Samlingen fra antikken til 1950 frå Nasjonalmuseet
  3. Dag Solhjell Nye grep i Nasjonalgalleriet kunstkritikk.no, 7.3.2005
  4. nasjonalmuseet.no Livets dans. Samlingen fra antikken til 1950
  5. Lotte Sandberg. «En litt anstrengt dans». Aftenposten, 29.4.2011
  6. Aagot Noss: Adolph Tidemand og folk han møtte, side 184-186, Universitetsforlaget og Norsk folkemuseum 1981, ISBN 82-00-05712-7
  7. Grindelwaldgletscheren frå DigitaltMuseum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]