Living in the USA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Living in the USA
Studioalbum av Linda Ronstadt
Utgjeve 19. september 1978[1]
Innspelt 5. mai til 3. juli 1978
Studio The Sound Factory i Los Angeles i California
Sjanger Rock
Lengd 35:06
Selskap Asylum, Rhino
Produsent Peter Asher
Linda Ronstadt-kronologi
Simple Dreams
(1977)
Living in the USA Mad Love
(1980)


Singlar frå Living in the USA
  1. «Back in the U.S.A.»
    Utgjeve: August 1978
  2. «Ooh Baby Baby»
    Utgjeve: November 1978
  3. «Just One Look»
    Utgjeve: Februar 1979
  4. «Love Me Tender»
    Utgjeve: Februar 1979
  5. «Alison»
    Utgjeve: April 1979
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
Circus Magazine4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]
Christgau's Record GuideB[4]
Crawdaddy!3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[5]
Rolling Stone(favorable)[6]
The Rolling Stone Album Guide3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[7]

Living in the USA er det niande studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut i 1978. Det var det tredje (og siste) av albuma til Ronstadt som nådde toppen av Billboard-lista. Som eit mål på kor populær Ronstadt var på denne tida gjorde framsida av plateomslaget, der ho var fotografert i rulleskeiser og treningstøy til at det vart ein merkbar auke i populariteten til rulleskeiser i USA på denne tida.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom opphavleg ut på Asylum i september 1978. I 1990 gav Asylum ut albumet på kassett og CD.

I tillegg til den vanlege utgåva frå 1978 kom det ei samlarutgåve i raud vinyl, i tillegg til ei biletplate med bilete av Ronstadt som knyt rulleskeisene sine.

Den første singelen frå albumet var Chuck Berry-songen «Back in the USA», som nådde 11. plassen på Cash Box Top 100 og 16. plassen på Billboard Hot 100. Den største suksessen frå albumet var Smokey Robinson-songen «Ooh Baby Baby» (med altsaksofon av David Sanborn) som nådde sjuandeplassen på poplista og andreplassen på Easy Listening-lista, i tillegg til at han gjekk inn på både country- og soullistene. «Just One Look» og «Alison» vart seinare hittar for Ronstadt òg, medan «All That You Dream» og Warren Zevon-songen «Mohammed's Radio» var populære på album-orientert radio.

Sjølv om han ikkje kom ut på singel, vart versjonen til Ronstadt av «Love Me Tender» redigert saman med originalversjonen til Elvis Presley, og denne kunstige duetten vart spelt mykje på radio på denne tida.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet fekk stort sett positive meldingar då det kom ut.[3][6]

Ronstadt si utgåve av Elvis Costello sin «Alison» vart kritisert av Costello sjølv då han høyrde versjonen hennar, sjølv om han innrømde at han «likte pengane». Ronstadt fekk manageren sin til å kontakte Costello og spurte om han hadde andre songar ho kunne spele. Han svarte med å sende ho tre songar som ho spelte inn for det neste albumet. Costell kom igjen med negative kommentarar om versjonane hennar, men har i seinare år rost Ronstadt og unnskylda dei krasse kommentarane han ein gong kom med.[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Back in the U.S.A.»Chuck Berry3:02
2.«When I Grow Too Old to Dream»Oscar Hammerstein II, Sigmund Romberg3:52
3.«Just One Look»Gregory Carroll, Doris Payne3:20
4.«Alison»Elvis Costello3:20
5.«White Rhythm & Blues»J.D. Souther4:17
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«All That You Dream»Paul Barrere, Bill Payne3:43
2.«Ooh Baby Baby»William Robinson, Warren Moore3:18
3.«Mohammed's Radio»Warren Zevon4:20
4.«Blowing Away»Eric Kaz3:15
5.«Love Me Tender»Elvis Presley, Vera Matson2:39
Total lengd:35:06

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Peter Asher – produsent
  • Val Garay – innspeling, miksing
  • George Ybarra – innspelingsassistent, mikseassistent
  • Jan Michael Alejandro – teknikar
  • Harold Jones – teknikar
  • Doug Sax – mastering i The Mastering Lab (Hollywood i California).
  • Kosh – kunstnarisk leiar, design
  • Jim Shea – fotografi

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978–79) Plassering
Australia (Kent Music Report)[9] 3
Den kanadiske albumlista[10] 9
Den nederlandske albumlista[11] 19
Den franske SNEP-lista[12] 19
Den japanske Oricon-lista[13] 23
Den newzealandske albumlista[14] 3
Den svenske albumlista[15] 37
UK Albums Chart[16] 39
U.S. Billboard Pop Albums[17] 1
U.S. Billboard Country Albums[17] 3

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Den australske albumlista[18] 23
Den kanadiske albumlista[19] 79
Liste (1979) Plassering
U.S. Billboard Pop Albums[20] 41

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Hong Kong (IFPI Hong Kong)[21] Gull 10 000*
New Zealand (RMNZ)[22] Platina 15 000^
Storbritannia (BPI)[23] Sølv 60 000^
USA (RIAA)[24] 2× Platina 2 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «September 1978». superseventies.com. Henta 26. juni 2011. 
  2. Allmusic review
  3. 3,0 3,1 Circus Magazine review
  4. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: R». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 29. november 2020 – via robertchristgau.com. 
  5. Crawdaddy! review
  6. 6,0 6,1 Rolling Stone review
  7. Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon and Schuster. s. 701. ISBN 0-7432-0169-8. rolling stone linda ronstadt album guide. 
  8. https://www.elviscostello.com/#!/news/298768
  9. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 258. ISBN 0-646-11917-6. 
  10. «Top Albums/CDs - Volume 30, No. 9». RPM. 25. november 1971. Arkivert frå originalen (PHP) 2014-05-02. Henta 5. desember 2020. 
  11. «dutchcharts.nl Linda Ronstadt – Living in the USA» (ASP). Hung Medien. MegaCharts. Henta 5. desember 2020. 
  12. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 2016-01-26. Henta 5. desember 2020. Note: user must select 'Linda RONSTADT' from drop-down
  13. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970-2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  14. «charts.nz Linda Ronstadt – Living in the USA» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Henta 5. desember 2020. 
  15. «swedishcharts.com Linda Ronstadt – Living in the USA» (ASP) (på svensk). Henta 5. desember 2020. 
  16. «Linda Ronstadt : Artist: Official Charts». UK Albums Chart. Henta 1. april 2014. 
  17. 17,0 17,1 «Allmusic:Living in the USA : Charts & Awards: Billboard Albums». allmusic.com. Henta 5. desember 2020. 
  18. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  19. «RPM Top 100 Albums of 1978». RPM. Arkivert frå originalen 2013-06-19. Henta 8. september 2013. 
  20. Nielsen Business Media, Inc (22. desember 1979). Billboard.com – Year End Charts – Year-end Albums – The Billboard 200. Henta 5. desember 2020. 
  21. «IFPIHK Gold Disc Award − 1979». IFPI Hong Kong. Henta 5. desember 2020. 
  22. «New Zealand album salstrofé – Linda Ronstadt – Living in the USA». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 5. desember 2020. 
  23. «British album salstrofé – Linda Ronstadt – Living in the USA». British Phonographic Industry.  Enter Living in the USA in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  24. «American album salstrofé – Linda Ronstadt – Living in the USA». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH