Livmorhals
Utsjånad
| Livmorhals | |||
| Skjematisk frontal oversikt over kvinneleg kjønnsorgan-anatomi | |||
| Klassifikasjonar og ressursar | |||
|---|---|---|---|
| MeSH | D002584 | ||
Livmorhals (latin cervix uteri eller collum uteri) er sambandet mellom vagina og livmora i kvinneleg anatomi. Han utgjer den nedste delen av livmora. Den nedste delen av livmorhalsen stikk ned i vagina.[1]
I medisinsk terminologi blir innsida av livmorhalsen kalla endocervix. Holrommet i livmora snevrar i livmorhalsen inn til ein kanal kalla canalis cervicalis. Den nedste delen av halsen blir kalla portio i ein opning kalla ytre mormunn (ostium uteri). Denne opningen er vanlegvis liten og rund om han ikkje har gått gjennom ein fødsel, og permanent tverrspalta etter ein fødsel.[1]
Livmorhalsen er lett tilgjengeleg for medisinske undersøkingar.[1] Han blir brukt til å ta celleprøvar for å finna teikn på mogleg livmorhalskreft.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 Holck, Per (17. oktober 2018). «livmoren». Store medisinske leksikon (på norsk).
- ↑ «Livmorhalsprøve». NHI.no. 14. januar 2019.