Livssynslina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Livssynslina var ei av dei to hovudlinene i norsk bondepolitikk.

Omgrepet om offentlegheita er truleg teke av folkehøgskulestyrar Lars Eskeland (1867-1942), med samtykke av godseigar Johan E. Mellbye (1866-1954). Desse to var pott og panne i det gamle Norges Bondelag, Mellbye var Bondelagets skipar og formann, han var «bondehøvdingen». Det skarpe skiljet frå nyare tid, botna i at Mellby og Eskeland meir såg på bonden som kulturberar, enn som produsent. Sjølv om dei kanskje var heller konservative i utgangspunktet, kom dei såleis og til å stå for ei kulturell massereising, med likskapstrekk med seinare maoisme. Lina femnde både busetting og miljø, land og folk, soge og minnearv. Det klåraste uttrykket for lina var då Eskeland skipa sitt store Bondestemna på Voss i 1939, og sjølv skreiv festskriftet: frilyndt konservatisme, tør vera beste karakteristikken. Stemnet gav m.a. ei solid handslag til wergelandslina i jødespørsmålet.

NLH-professoren Stein Tveite har hevda at Norges Bondelag i 1922 ikkje vart skipa som nokon næringsorganisasjon, men som ein livssynsorganisasjon. På førehand hadde ein Landmannsforbundet; det var ein næringsorganisasjon. Heilt visst er det, at det mest kontrære til livssynslina var då Hans Haga til bondelaget sitt femtiårsjubileum i 1972 skreiv hovudartikkelen Færre men sterkere! Hvordan? Vonde tunger sa at spissartikkelen var så sterk at bondelaget grunna EU- striden ikkje torde gje femtiårsfestskriftet sitt ut i folkeomrøytstingsåret: det vore eit spark til nett den livssynsidealismen som så monaleg hadde forbetra bondens kår. På Norges landbrukshøgskole skapte Hagas artikkel ei motbølge, og kalla "Senterpartiet(ml)". Bygdesosiologen Helge Solli førte med omgrepet «lokalismen» inn bonden som "buandi", som innbyggjar. Mange såg dette som eit framhald av den gamle livssynslina.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Lars Eskeland: Bondestemna på Voss, 1939.
  • Helge Solli: Bondekortet, 1985.