Liz Truss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liz Truss
Liz Truss Official Photo (cropped).jpg
Fødd26. juli 1975 (47 år)
Oxford
Statsborgar avStorbritannia
PartiDet konservative partiet i Storbritannia, Liberal Democrats
Yrkepolitikar, rekneskapsførar
Utdanna vedRoundhay School
Merton College
FarJohn Truss
EktefelleHugh O'Leary
MedlemJustice Select Committee
VervBritisk statsminister 6. september 2022-25. oktober 2022
FøregangarBoris Johnson
VervBritisk utanriksminister 15. september 2021–6. september 2022
FøregangarDominic Raab
VervBritisk handelsminister 24. juli 2019–15. september 2021
FøregangarLiam Fox
EtterfylgjarAnne-Marie Trevelyan
VervBritisk visefinansminister 11. juni 2017–24. juli 2019
FøregangarDavid Gauke
EtterfylgjarRishi Sunak
VervBritisk justisminister 14. juli 2016–11. juni 2017
FøregangarMichael Gove
EtterfylgjarDavid Lidington
VervBritisk miljø-, mat- og distriktsminister 15. juli 2014–14. juli 2016
FøregangarOwen Paterson
EtterfylgjarAndrea Leadsom

Mary Elizabeth Truss (fødd 26. juli 1975) er ein britisk konservativ politikar, og er statsministeren i Storbritannia. Truss har vore i regjeringa sidan 2014, der ho mellom anna var utanriksminister i Boris Johnson-regjeringa. Truss var den 53. statsministeren, og av dette den tredje kvinnelege statsministeren i Storbritannia, etter Theresa May og Margaret Thatcher.[1][2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Truss var aktiv i Liberaldemokratane. Ho var leiar av Oxford University Liberal Democrats og medlem av det nasjonale hovudstyret i Liberal Democrat Youth and Students. Under perioden hennar som liberaldemokrat støtta Truss legaliseringa av cannabis og avviklinga av monarkiet.[3]

Truss blei medlem av Det konservative partiet i 1996.[4]

Parlamentsmedlem[endre | endre wikiteksten]

Liz Truss blei vald inn i det britiske parlamentet i 2010 som medlem av det konservative partiet, for valkrinsen Sør-Vest-Norfolk. Før dette var ho mellom anna assisterande direktør i tenketanken Reform.[5]

Frå 2014 til 2016 var ho miljø-, mat- og distriktsminister i David Cameron si regjering.

Ved skipinga av Theresa May si regjering i 2016 blei Truss justisminister og lordkanslar. Ho var den fyrste kvinna i begge desse stillingane. I 2017 blei Truss flytta til finansdepartementet som visefinansminister.

Boris Johnson tok over som statsminister i 2019 etter Theresa May, fortsette Truss i regjering, men no som handelsminister.[6][7] 15. september 2021 blei ho utnemnd til utanriksminister.[8]

Statsminister[endre | endre wikiteksten]

Etter at kampen om å ta over som leiar av det konservative partiet og statsminister i Storbritannia etter at Boris Johnson trekte seg 7. juli 2022, var Truss leiarkandidat. Ho og Rishi Sunak blei dei to gjenståande kandidatane til å ta over i eit val gjort av medlemmane i partiet.[9] 5. september 2022 blei det kunngjort at Truss hadde vunne leiarvalet med 81 326 stemmer mot Sunak sine 60 399.[10]

Liz Truss vart utnemnt som ny statsminister 6. september 2022 av dronning Elizabeth II. På grunn av dronninga si dårlege helse, tok ho imot Truss på Balmoral Castle i Skottland.[1] Det var ei av dronninga sine siste offisielle handlingar før ho døydde to dagar seinare. Truss blei dermed den første statsministeren sidan Winston Churchill som tjenestegjorde under ein annan monark enn Elizabeth II.[11] I dette blei Truss også den siste av femten personar som fungerte som statsminister i Storbritannia under dronning Elizabeth II, etter Winston Churchill, Anthony Eden, Harold Macmillan, Alec Douglas-Home, Harold Wilson, Edward Heath, James Callaghan, Margaret Thatcher, John Major, Tony Blair, Gordon Brown, David Cameron, Theresa May og Boris Johnson.[12]

Den 20. oktober 2022 melde Liz Truss sin avgang som partileiar og statsminister, berre 44 dagar etter at ho vart sette inn i desse posisjonane.[13] Avgangen hende ettersom den økonomiske situasjonen i Storbritannia hadde forverra seg kraftig under styret hennar. Ho var statsminister i 48 dagar, og dermed den kortast sitjande statsministeren i Storbritannia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Liz Truss becomes UK prime minister after meeting Queen at Balmoral», the Guardian (på engelsk), 6. september 2022, henta 9. september 2022 
  2. Reuters, Foto: HANNAH MCKAY /, «Liz Truss (47) blir Storbritannias tredje kvinnelige statsminister», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 9. september 2022 
  3. «How Liz Truss’s Tory transformation left her liberal family behind | News | The Times», web.archive.org, 23. juli 2022, arkivert frå originalen 2022-07-23, henta 9. september 2022 
  4. «Liz Truss | prime minister of United Kingdom | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 9. september 2022 
  5. «The Rt Hon Elizabeth Truss MP», GOV.UK (på engelsk), henta 6. september 2022 
  6. «Cabinet audit: What does Liz Truss at International Trade mean for policy?». www.newstatesman.com (engelsk). Henta 16. mars 2020. 
  7. «Factbox: Five facts about Liz Truss, Britain's new trade minister». euronews (engelsk). 24. juli 2019. Henta 16. mars 2020. 
  8. «Raab «rasende» etter at Boris Johnson gjorde endringer i regjeringen». Dagsavisen (norsk). Henta 28. februar 2022. 
  9. «Storbritannas neste statsminister: Rishi Sunak eller Liz Truss». www.vg.no (norsk bokmål). Henta 20. juli 2022. 
  10. Hughes, David (5. september 2022). «Truss wins Tory leadership race and faces daunting challenge as PM». The Independent. The Independent. Henta 5. september 2022. 
  11. «Queen Elizabeth II has died». BBC News (på engelsk). 8. september 2022. 
  12. «The prime ministers who served under Queen Elizabeth II», AP NEWS (på engelsk), 8. september 2022, henta 9. september 2022 
  13. Almås, Gry Blekastad (20. oktober 2022), «Liz Truss går av statsminister i Storbritannia», NRK (på norsk bokmål), henta 20. oktober 2022