Ljøstaknakken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ljøstaknakken (292 moh.) er eit lite fjell i Landesalpane. Ljøstaknakken ligg langt sør i Landesalpane, sentralt i Ørskog kommune i Møre og Romsdal. Fjellet er lett tilgjengeleg både frå Odden og Lande. Det er mest vanleg å parkere ved Ørskog vidaregåande skule. Frå Ørskog vidaregåande er det totalt 207 høgdemeter til toppen. Frå toppen er det god utsikt mot vest, sør og aust. Trea i toppområdet gjer at utsikta er dårlegare mot nord.