Ljøsura

Koordinatar: 62°05′11.8″N 7°03′49.1″E / 62.086611°N 7.063639°E / 62.086611; 7.063639
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°05′11.8″N 7°03′49.1″E / 62.086611°N 7.063639°E / 62.086611; 7.063639 Ljøsura, matrikkelgard nr 125 i Stranda kommune, er ein øydegard ved Geirangerfjorden i Møre og Romsdal fylke.

Om namnet: Oluf Rygh[1] trur at namnet har samanheng med eit opphavleg namn på elva: Lysa eller Ljøselva.

Ljøsura ligg nær fjorden, på sørsida av Geirangerfjorden, om lag 2 km austanfor Syltavik og rett nedanfor Ljøsurfossen[2] som har eit fall på 240 m. På motsett side av fjorden finn ein fossen Brudesløret og øydegarden Megardsplassen.

Stova på Ljøsura stod i livd av ein stor stein, om lag der det står ei fyrlykt i dag. Garden er tidlegast nemnt i skattematrikkelen for 1647[3] med namn: Lyswhr. Omkring 1724 er han nemnt som ubrukt men i 1732 kom der folk att. I «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør»[4] (1766) er garden nemnt Lys-Uur og er oppført med éin «gaardmand». Dei siste brukarane flytta derifrå omkring 1830-1840 og sidan har garden vore øydebruk[5].

Det har gått fleire fjellskred på staden, både før 1720 og omkring 1830[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norske Gaardnavne» av O. Rygh (Oslo, Børsum, 1969)
  2. Ljosurfossen European waterfalls
  3. Skattematrikkelen 1647 v/Norsk lokalhistorisk institutt (1995)
  4. Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør av Hans Strøm (1766) - side 290
  5. Sunnylven og Geiranger 2: Gard og ætt (om Ljøsura: side 583) Stranda sogelag 1993.
  6. Ljosurdal og Ljosurd Skrednett NVE

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]