Hopp til innhald

Ljøtehola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ljøtehola
grotte
Land  Noreg
Kart
Ljøtehola
60°36′39″N 8°28′59″E / 60.610700921054°N 8.4830183262836°E / 60.610700921054; 8.4830183262836

Ljøtehola eller Ljøtehølet (av dialekt for ‘stygg’) er ei grotte i Ål i Hallingdal i Buskerud fylke. Hòla er ei såkalla tektonisk grotte og består av ei kring 50 meter djup sprekk. Grotta har oppstått som følgje av forskyvingar i bergmassen rundt.[1]

I ei segn om hola skal ein kalv med bjølle ha falle ned i henne. Ei stunde seinare kunne folk høyre lyden av bjølla under jorda ved garden Strand, fleire hundre meter unna hola. I ein variant av segna dukka kalven seinare opp ved Strandafjorden.[2]

  1. Lauritzen, Stein Erik (14. februar 2009). «Ljøtehølet». Store norske leksikon. Henta 17. november 2013. 
  2. «tur nr. 6.7» (PDF). Nasakamben. aal52.no.