Ljan stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ljan stasjon
Ljan 013.jpg
Ljan stasjon i 2006
Foto: Espen Franck-Nielsen
Stasjonsområde
Stad Ljan i Oslo
Distanse 7,15 km. frå Oslo Sentralstasjon[1]
Høgd 50,8[1] moh.
Opna 1879[1]
Arkitekt Peter Andreas Blix (1879, riven),
Gerhard Fischer og Gudmund Hoel (1923)
Plattformer 2
Linjer og rutedrift
Linje(r) Østfoldbanen
Operatør(ar) NSB
Overgang

Ljan stasjon er ein stasjon på ØstfoldbanenLjan i Oslo kommune, 7,15 kilometer frå Oslo S og 50,8 meter over havet. Stasjonen, som no er ein haldeplass for lokaltog, vart opna i 1879 som «stasjon av 3die klasse» med stasjonsbygning, godshus og privetbygning (do for ferdafolket), teikna av arkitekt Peter Andreas Blix (1831-1901). Han var arkitekt for dei fleste av dei opphavlege bygningane langs Østfoldbanens (Smaalensbanenes) vestre line på heile strekninga frå Oslo til Kornsjø stasjon attmed riksgrensa mot Sverige.

Ljan stasjon i 1903, Peter Andreas Blix sin bygning.
Foto: Anders Beer Wilse (1865–1949)
Eldre fotografi av Ljan stasjon, ukjend dato.

I samband med at det på byrjinga av 1920-talet vart bygd dobbeltspor på strekninga mellom Bækkelaget (Bekkelaget) nærare sentrum av Oslo og ut til Ljan, vart den opphavlege stasjonsbygningen på Ljan rive og ny bygningar reist etter teikningar av arkitekt Gerhard Fischer. Den nye stasjonsbygningen på Ljan vart bygd i 1923 i pussa teglstein. Det gamle godshuset frå 1878, som hadde vorte flytta innanfor stasjonsområdet for å gje plass til den nye stasjonsbygningen, vart pussa opp og innlemma i den nye stasjonen. Stilistisk er bygningane på stasjonen eit framifrå døme på murbygningar i 1920-talets klassisisme, ein arkitektur som er å sjå som einskildståande bygningar på somme jarnbanestrekningar, ofte som erstatning for eldre stasjonsbygningar, men aldri som ein stil som gjer seg gjeldande for stasjonsbygningane langsetter heile jarnbanestrekningar.

Stasjonsbygningen, som no er freda, er i to høgder og med valma tak tekka av teglstein, flankert av to fløyer i ei høgd med eit slakt saltak tekka med plater av metall. Freda er òg bygningen med nedgang under spora og med lokale for signalsentral og stillverk. Dette er ein smal bygning i pussa tegl i to høgder og med valma tak, teikna av Fischer og oppført i 1924. Likeeins er ndergangen under sporet og plattformoppgangen på motsett side av sporområdet freda. Plattformoppgangen vart oppført på same tid som plattformnedgangen, men som ein enkel dør-laus, open overdekking i pusset tegl i ei høgd og med slakt saltak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Ljan». Bane NOR. Henta 26. september 2017.