Ljanselva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ljanselva er ei lita elv som renn frå Nøklevann i Østmarka (Oslo), gjennom tett busetnad og verneverdig urskog, ned til Bunnefjorden. Elva er fiskeførande og har aure i dei øvre delane, medan den nedre delen er sjøaure- og lakseførande ved hjelp av ei laksetrapp.

Ljanselva drenerer Dalsbekken, Gjersrudbekken, Prinsdalsbekken og Lusetjernbekken.

Ljanselva miljøpark[endre | endre wikiteksten]

Ljanselva miljøpark er eit område med kultur og natur langs elva. All urskog i Noreg er (automatisk) freda.

  • Sagdammen ved Skullerud.
  • Sagstua frå 1800-talet.
  • Ein merka kultursti frå Rustadsaga til sjøen.
  • Eit område på om lag 100 meter på begge sider av elva frå Rustadsaga til sjøen er verna, dels som friområde, dels som naturvernområde (vedteke av Oslo bystyre juni 2003).

Elveløpet[endre | endre wikiteksten]

Ljanselva startar ved Lutvann i Austmarka og renn via Nøklevann ved Rustadsaga og ned i Skraperudtjern. Ljanselva renn forbi Skullerudstua, og ned til Sagstua nær Skullerudkrysset. Ved Hauketo møter Ljanselva Gjersrudbekken og Prinsdalsbekken. Ned Liadalen til fisketrappen ved Hallagerbanen renn ho gjennom Ljanselva naturpark. Ved Fiskevollbukta renn elva saman med Lusetjernbekken og ut i Bunnefjorden.