Fangeleir Fiskevollen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ljanskollen fangeleir)
Fangeleiren på fiskevollen i Oslo

Fangeleir Fiskevollen eller Ljanskollen fangeleir var ein tysk fangeleir under andre verdskrigen. Leiren var i drift 1944–1945 og låg ved Fiskevollen på Ljan om lag ei mil sør for Oslo sentrum, mellom Mosseveien og Bunnefjorden.

Leiren var ein brakkeleir for opp til 250 fangar. Innanføre piggtråden hadde leiren fem fangebrakkar og fleire bygningar som romma kjøken og vaskerom. Utanføre gjerda låg eit bygg for kjøkken og kontor, eit for vaktmannskap og eit med vaktstove - og dessutan vakttårn.[1]

Lite vitnar i dag om fangeleiren som låg her. Staden er per 2013 markert med ei lita informasjonstavle.

Fangeleir Fiskevollen var underlagd Grini fangeleir, og vart bygd hausten 1944 ettersom fangane skulle arbeida på eit større tankanlegg for olje og bensin ved Ljanskollen. For å sleppa å transportera fangane, vart Fiskevollen oppretta som ein mellombels leir. Mellom 500 og 600 fangar var innom i løpet av krigen.

Leiren var betre enn mange andre tyske fangeleirar, ikkje minst fordi fangane fekk inn ein del mat og tobakk utanfrå, og ein hadde nokon kontakt med omverda. Fangar som sat i leiren fortalde at særleg på nyåret 1945 var dei tyske vaktene vennlegsinna og liberale, fordi dei forstod at krigen var tapt. Tyskarane dreiv leiren fram til 7. mai 1945.

Etter frigjeringa tok norske styresmakter over, og leiren vart i nokre månader brukt til internering av «tyskertøser» inntil Statens interneringsleir for kvinnerHovedøya vart opna.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Opplysninger på informasjonstavle på stedet, 2013
  • Artikkelen er basert på oppslaget Ljanskollen leir i lokalhistoriewiki.no (versjonen av 18. juli 2013)
  • Oslo kommune sitt turkart, Oslo sør, 2010
  • Thune-Holm, Anton: Som fange i arbeidsleieren ved Ljanskollen leir sør for Oslo på Lurøy lokalhistorie og fotoarkiv

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]