Ljos yver Grav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ljos yver Grav,
Fall som Solskin paa Hav,
Naar me fraa Verdi skal fara!
Lys oss i Land
Til den livsæle Strand,
Fram til det Liv, som skal vara,
So me ved Ljoset fraa Paaskedag
Sæle kann liva i Englelag!

Siste verset av salmen, i språkdrakt frå 1891

Ljos yver Grav er ein påskesalme skriven av Elias Blix. Det er den einaste av Blix sine eigne påskesalmar som kom med i Norsk Salmebok. Salmen vart trykt i bladet Nordmannen nr 15/1890 og tatt med i 4. utgåva av Nokre Salmar, som vart utgjeven av Det Norske Samlaget i 1891.

Med sin biletrikdom og mange tema henta frå Bibelen, framstår «Ljos yver grav» som ein svært typisk Blix-salme. Dei fyrste kapitla av Fyrste Mosebok er ei av Blix sine bibelske hovudkjelder. I denne salmen dreg Blix dei bibelske linene vidare, heilt fram til dei siste kapitla i Johannes' openberring. Eit sentralt døme er livstreet, med tilknyting til Fyrste Mosebok,[1] Tredje Mosebok[2] og Johannes' Openberring.[3] Typisk for Blix som salmediktar er det å bruke bilete henta frå det norske kystlandskapet.

Salmen har seks vers, og alle versa vart tekne med både i Nynorsk Salmebok og i Norsk Salmebok. Her vart språket lett modernisert, slik at opningslina lyder «Ljos over grav», og fleirtalsbøying av verb («me livna») er utelate. Melodien som oftast vert nytta, er skriven av Ludvig M. Lindeman i 1871.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]