Ljosstokk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ljosstokk var i gamal tid eit lite skrin, nytta for å transportera talgljos. I 2019 vart det funne eit slikt skrin som hadde kome til syne då isen tina i Breheimen nasjonalpark[1]. Då skrinet vart funne visste ein ikkje kva det var, men ein analyse ved Kulturhistorisk Museum synte at skrinet inneheldt bivoks, som ein trur er restar av talgljos. Skrinet er laga av furu og er frå seinmellomalderen[1].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 E.S. Juva og M. Vollan, Mysteriet om skrinet som smeltet fram fra breen er løst, NRK, 4. juni 2021.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.