Ljosvoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ljosvold)
Ljosvoll
stad
Landskap ved Ljosvold
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5226 NESTTUN
Gardnummer 55
Wikimedia Commons: Ljosvold

Ljosvoll eller Ljosvold er ein liten gard i Fana i Bergen. Garden ligg i ein trong dal på austsida av Birkelandsfjellet.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem av det norrøne Ljósivǫllr som tyder 'den lyse vollen'.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden har vore kjend sidan om lag 1590 og høyrte då til presteembetet i Fana kyrkje. Garden var lenge ein øydegard. Sidan 1861 har brukarane på garden vore sjølveigarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ljosvoll ligg i ein trong dal, om lag 200 meter over havet, mellom Birkelandsfjellet i aust, Ljosvollvarden (297 moh) i sørvest og høgdene på vestsida av Stignavatnet i aust. Berre ein smal grusveg fører opp til garden

Garden grensar til Myrdal i nordvest, Valle i vest, Hatlestad i sør, Øvre Sandven i sørvest og Fjellbirkeland i aust og nordaust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]