Ljot Torfinnsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.

Ljot Torfinnsson, var jarl på Orknøyane, truleg frå slutten av 970-åra, til han døydde omkring 980. Han er omtala i Orknøyingasoga[1], i soga om Olav Tryggvason[2] (kap.16), soga om Olav den heilage[3] (kap. 96). Opplysningane er usikre og kan berre i liten grad verifiserast frå andre kjelder.

Liv og lagnad[endre | endre wikiteksten]

I sogene er det opplyst at Ljot var son til orknøyjarlen Torfinn Einarsson (Hausakljuv) og at han hadde fire brør: Arnfinn, Håvard, Lodve og Skule. Han hadde òg to systre om vi ikkje kjenner namnet på. Kvar av systrene fekk ein son som heitte Einar; Einar Klinig (kliningr) og Einar Hardkjeft (harðkjotr).

Etter at broren Håvard døydde ein gong i 970-åra, vart Ljot jarl over Orknøyane og han fekk det omdømet at han var ein stor hovding. Han vart gift med Ragnhild, dotter til Eirik Blodøks, truleg rett etter at han var blitt jarl. Ho hadde då tidlegare vore gift med to av brørne hans, Arnfinn og Håvard, og gjennom intriger teke livet av dei begge. Det er ikkje nemnt i sogene noko om at Ljot fekk born, og det er heller ikkje nemnt noko meir om lagnaden til Ragnhild.

Erobringa av Caithness[endre | endre wikiteksten]

I Orknøyingasoga (kap. 9 og 10) blir det fortalt om Ljot Torfinnsson. Han kom i usemje med broren Skule, og det vart strid mellom dei om kven som skulle styre jarleriket. Skule drog til Skottland, og kongen der (truleg kong Kenneth II[4]) gav han jarlsnamn. På Katanes (Caithness) samla han folk og drog ut til Orknøyane og heldt slag med Ljot. Skule vart overvunnen og rømde attende til Katanes. Der fekk han samla ei stor hær med hjelp frå skottekongen og ein «Magbjod jarl»[Note 1]. Skule og Ljot møttest då til eit nytt slag på Dalane på Katanes[Note 2] og der fall Skule. Ljot la då under seg Katanes. I eit seinare slag mot skottekongen på «Skidamyr» (Skitten Moore) fekk òg Ljot siger, og han sikra dermed orknøyjarlen sitt herredøme over Katanes. Men Ljot vart sjølv såra i dette slaget og døydde stutt tid etter[5]. Tidsrekninga er usikker, men truleg døydde Ljot omkring år 980. Det er ein tradisjon at han vart gravlagd ved Stenhouse i Watten (Caithness)[6].

Etter han vart den siste av brørne Lodve Torfinnsson ny jarl over Orknøyane.

Referanseside Føregjengar O r k n ø y j a r l Etterkomar Tilleggsopplysningar
Orknøyjarlane Håvard Torfinnsson
(den årsæle)
Ljot Torfinnsson Lodve Torfinnsson -

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Magbjod jarl: tolka som: MacBeth jarl (den eldre)
  2. Dalane: truleg Dale ved Thurso-elva i Caithness.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Soga om Olav Tryggvason av Snorre, omsett av S. Schjött (1900)
  3. Soga om Olav den heilage frå heimskringla.no omsett av S. Schjött (1900)
  4. King Kenneth IIUNDISCOVERED SCOTLAND
  5. Sutherland and Caithness in saga-time (Edinburgh 1922) side 25
  6. THE WIZARD'S GRAVE Arkivert 2016-08-27 ved Wayback Machine.The Discovery of a Twelfth Century Wizard's Grave


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]