Ljubov Jegorova
Ljubov Jegorova | |
![]() | |
Verkeleg namn | Любовь Ивановна Егорова |
Fødd | 5. mai 1966 (56 år) Seversk |
Yrke | langrennsløpar |
Ljubov Jegorova på Commons |
Ljubov Ivanovna Jegorova (fødd 5. mai 1966) er ein sovjet-russisk tidlegare langrennsløpar frå Seversk. Ho vann tre gullmedaljar under vinter-OL 1992 og like mange under vinter-OL 1994. I tillegg sikra ho seg to VM-gull i 1991 og eit tredje i 1993. Til saman tok ho 15 OL- og VM-medaljar (9-4-2). Jegorovva vann verdscupen i langrenn i 1993. Under ski-VM 1997 i Trondheim vart ho diskvalifisert for brot på dopingreglane.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Jegorova vann si fyrste internasjonale gullmedalje då ho var med på Sovjetunionen sitt lag i 4x5 km stafett under ski-VM 1991 i Val di Fiemme. Dei neste tre sesongane, 1992-94, fekk ho årleg nye stafettgull, to OL-gull og eitt VM-gull, men då for Russland. Allereie i 1991 i Val di Fiemme tok ho sitt fyrste individuelle gull, ettersom ho sigra på avslutningsdistansen 30 km. Under vinter-OL 1992 i Albertville tok ho medaljar i alle fem langrennsøvingane. Omframt stafettgullet toppa ho resultatlista på 10 km og 15 km, medan det vart sølv på 5 km og 30 km.
I ski-VM 1993 i Falun måtte Jegorova nøye seg med eitt gull, stafettgullet. Ho fekk elles med seg med ein sølvmedalje på 5 km og to bronsemedaljar, på høvesvis 15 km og 30 km. Under vinterleikane på Lillehammer i 1994 erobra ho fire medaljar; etter å ha kome på sølvplassen på 15 km tok ho tre strake gullmedaljar. Ho vann både 5 km og den påfølgjande jaktstarten over 10 km, samt ho fekk sitt fjerde stafettgull på fire år.
Jegorova vart nummer tre i verdscupen i langrenn både i 1991 og i 1992. Ho gjekk så heilt til topps i 1993-sesongen, medan i 1994 måtte ta eit steg ned på sigerspallen. Mellom februar 1991 og desember 1995 vann ho 13 individuelle renn i verdscupen. I alt stod ho pallen 40 gongar etter verdscup-renn.
Doping[endre | endre wikiteksten]
Jegorova deltok ikkje i ski-VM 1995. To år seinare var ho på plass i Trondheim under ski-VM 1997. Her gjekk ho til topps på sigerspallen etter 5-kilometeren, men mista gullmedaljen tre dagar seinare, etter å ha testa positivt på det forbodne medikamentet bromantan. Jegorova vart dømd for brot mot dopingreglane, i staden vart hennar landsmannine Jelena Välbe tildelt VM-tittelen.
Etter å ha vore utestengd frå langrennstevlingar i to år, deltok Jegorova i verdscupen frå slutten av februar 1999 fram til 2003.
Ymse[endre | endre wikiteksten]
Jegorova vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1994, samstundes med Vladimir Smirnov og Espen Bredesen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Sportsboken, aktuelle årgangar