Hopp til innhald

Ljudmila Rudenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ljudmila Rudenko

Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 27. juli 1904
Død

4. mars 1986 (81 år)

Ljudmila Rudenko på Commons

Ljudmila Vladimirovna Rudenko[a] (27. juli 19044. mars 1986) var ein sovjetisk sjakkspelar og den andre verdsmeisteren i sjakk for kvinner, frå 1950 til 1953.[1]

Rudenko blei tildelt FIDE-titlane Internasjonal meister og Kvinneleg internasjonal meister i 1950, og Kvinneleg stormeister i 1976. Ho var den fyrste kvinna som blei tildelt tittelen Internasjonal meister. Ho var også sovjetisk kvinnemeister i 1952.

Tidleg liv og symjekarriere

[endre | endre wikiteksten]

Rudenko blei fødd i 1904 i Lubny i Poltava-regionen i det som i dag er Ukraina.[2] I ein alder av 10 lærte ho å spele sjakk av faren – sjølv om ho fyrst var meir interessert i symjing. Etter ungdomsskulen flytta ho til Odesa og tok ein grad innan økonomi.[2] Rudenko har vunne symjemeisterskapen i Odessa i 400 meter {{ikkjeraud|brystsymjing]]. I 1925 kom ho på andreplass i den ukrainske symjemeisterskapen i brystsvømming. Ho starta ein karriere som økonom for Sovjetunionen, og dreiv med sjakk som ein hobby.

Sjakkarriere

[endre | endre wikiteksten]

Rudenko byrja å spele i sjakkturneringar i 1925 etter at ho flytta til Moskva. I 1928 vann ho Moskva-meisterskapen for kvinner. Ho flytta deretter til Leningrad, der ho møtte og gifta seg med vitskapsmannen Lev Davidovitsj Goldstein. I 1931 fekk dei ein son saman.[3] I Leningrad i 1929 byrja ho å trene med sjakkmeister Pjotr Romanovskij. Ho vann Leningrad-meisterskapen for kvinner tre gongar.

Under andre verdskrigen organiserte Rudenko eit tog for å evakuere barn frå omleiringa av Leningrad. Ho skildra dette som den viktigaste prestasjonen i livet hennar.[4]

Verdsmeisteren for kvinner Vera Menchik døydde i 1944 under eit luftåtak. Vinteren 1949–1950 etter krigen arrangerte verdssjakkforbundet FIDE ei turnering i Moskva for å avgjere den nye kvinnemeisteren. Seksten kvinner frå tolv land konkurrerte, men fire sovjetiske spelarar tok dei fire beste plassane. Rudenko, som då var 45 år gammal, vann turneringa, eit helt poeng føre feltet (scora ni sigrar, eit tap og fem remis). Ho forblei verdsmeister for kvinner til ho mista tittelen til Jelizaveta Bykova i 1953. Poengsummen hennar var 6–8 (fem sigrar, sju tap og to remis).

Sjakktrenarane til Rudenko etter krigen var Aleksandr Tolusj og Grigorij Levenfisj.[5]

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Rudenko blei innlemma i World Chess Hall of Fame i 2015.[6] Ho ble heidra med ein Google-doodle på 114-årsdagen hennar, 27. juli 2018.[7]

  1. russisk Людми́ла Влади́мировна Руде́нко; ukrainsk Людмила Володимирівна РуденкоLjudmyla Volodymyrivna Rudenko