Ljungsbro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°30′26.377″N 15°30′13.568″E

Ljungsbro
tettstad
Cloettaljungsbro.JPG
Wikimedia Commons: Ljungsbro

Ljungsbro er ein tettstad i Linköpings kommun i Östergötlands län i Östergötland i Sverige. I 2011 hadde tettstaden 6 620 innbyggjarar. Tettstaden ligg cirka 15 kilometer nordvest for Linköping, ved Motala ström og Göta kanal. I Ljungsbro ligg sjokoladefabrikken Cloetta.

Staden hadde ein rask vekst på 1970- og 1980-talet og folketalet har sidan vore stabilt. Ei større industribedrift på staden er næringsmiddelprodusenten Cloetta Fazer AB, elles er det stor pendling til Linköping.

Fleire slusar i og like nedanfor Ljungsbro løftar kanalen frå innsjøen Roxen mot Vättern. I Ljungsbro sentrum er kanalen ført i bru over ein lokalveg.

Namnet kjem frå Ljung herregard ved Motala ström ovanfor Ljungsbro.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]