Ljusnarsbergs kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ljusnarsbergs kommun
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Örebro län
Landskap Västmanland
Areal 631 08 km²
 - land 575 54 km²
 - vatn 55 54 km²
Folketal 4 902
Ljusnarsberg Municipality in Örebro County.png
Wikimedia Commons: Ljusnarsberg Municipality

Ljusnarsbergs kommun er ein kommun i Örebro län i landskapet Västmanland. Kommunesenteret er Kopparberg.

Gjennom kommunen, som ligg i Bergslagen, går riksväg 50, riksväg 63 i tillegg til jernbanen Frövi–Ludvika og Ställdalen-Kil. I nord grensar kommunen till Ludvika kommun, i nordaust til Smedjebackens kommun, begge i Dalarna, i sør til Lindesbergs kommun og i vest til Hällefors kommun.

Kommunesenteret ligg i Kopparberg. Kommunen ligg langs med Arbogaåns øvre vassystem. Terrenget er typisk kupert bergslagsterräng. Det høgste punktet i kommunen er Älvhöjden i nordvest med ei høgd av 431 möh. Bergverk har bygd opp denne bygda, der det enno finst eit titals hytteruiner og hundeatals gruvehål.

Ljusnarsbergs kommun har det minste innbyggartalet i Örebro län.

Administrativ historie[endre | endre wikiteksten]

I den dåverande landskommunen Ljusnarsberg vart det i 1887 oppretta eit municipalsamhälle med namnet Nya Kopparberg. I 1908 vart kommunen delt og Kopparberg vart ein köping. I 1962 vart begge kommunane samla att under namnet Ljusnarsbergs köping, frå og med 1971 Ljusnarsbergs kommun.

Kommunvåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: I silver en stolpvis ställd blå ström, åtföljd på var sida av ett kopparmärke ovanför en låga, samtliga röda.

Bildet går tillbake til Nya Kopparbergs bergslags sigill frå 1640. Det har blitt nytta både av Ljusnarsbergs landskommun og Kopparbergs köping (köpingsvåpenet hadde ein bård). Det vart registrert for den noverande kommunen i 1981.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Ljusnarsberg kommune har to tettstader. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Kopparberg 3 189
2. Ställdalen 661

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]