Ljusterö
| Ljusterö | |||
| øy | |||
Ljusterö kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Len | Stockholms län | ||
| Kommune | Österåker kommun | ||
| Koordinatar | 59°31′33″N 18°37′25″E / 59.52583°N 18.62361°E | ||
| Areal | 62,05 km² | ||
| Folketal | 1 591 | ||
![]() Ljusterö 59°31′34″N 18°37′25″E / 59.526111111111°N 18.623611111111°E | |||
| Wikimedia Commons: Ljusterö | |||
Ljusterö er ei øy i Sverige. Ho ligg nord i Stockholms skjergard i Österåker kommun i Stockholms län. Øya ligg om lag 65 km nord for sentrum av Stockholm.
Med eit areal på 62 km², er den 17. største øya i Sverige.[1]
Det går ferjesamband til fastlandet frå Östanå og båt til sentrum av Stockholm.
Ho har kring 1500 fastbuande, medan 25 000-30 000 vitjar øya og dei mange sommarhusa her om sommaren.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ljusterö var ein eigen kommune fram til 1967, då han vart ein del av Österåker kommun. I 1974 vart heile Österåker kommun ein del av Vaxholm kommun, men sidan 1983, har Ljusterö vore ein del av den nye Österåker kommun.
Ljusterö vindmøllepark
[endre | endre wikiteksten]Det er planlagt ein vindmøllepark på Ljusterö med 23 vindturbinar, som kvar kan produsere to megawatt. Prosjektet er kraftig kritistert av dei mange sommarturistane.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Gammal eik ved Bössarviken, nord på Ljusterö.
- Knoppsvane med ungsvaner, sør på Ljusterö.
- Klintsundet, «døra til den ytre skjergarden» og brua som går mellom vestlege og austlege Lagnö.
- Marum gard
- Utsyn frå Ljusterö huvud, Furusundsleden mot nord.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ljusterö» frå Wikipedia på engelsk, den 6. april 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Statistisk årsbok 2011» (PDF) (på svensk). SCB. s. 12. Arkivert frå originalen (PDF) 2. april 2012. Henta 6. april 2012.

