Llanquihue-provinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Llanquihue
provins
Land  Chile
Region Los Lagos-regionen
Hovudstad Puerto Montt
Areal 14 876,4 km²
Type Provins
Folketal 408 052
Kart
Llanquihue-provinsen
41°20′00″S 72°50′00″W / 41.333333333333°S 72.833333333333°W / -41.333333333333; -72.833333333333

Llanquihue-provinsen (spansk: Provincia de Llanquihue) er ein av fire provinsar i den chilenske regionen Los Lagos. Hovudstaden er Puerto Montt. Den nest største innsjøen i landet, Llanquihuesjøen, ligg i provinsen. Her er dessutan fire vulkanar: Osorno, Calbuco, Puntiagudo og Cerro Tronador.

Europeisk busetjing av Llanquihue byrja i 1852 då tyskarar vart oppmoda til å immigrere til det sørlege Chile. Regionen er kjend for naturopplevingar og dessutan for sjømaten frå hamnene Puerto Montt og Calbuco.

I 2017 var folkesetnaden 408 052 i provinsen,[1] av dei hadde ca. 75 % adresse i kommunen Puerto Montt. Dei øvrige kommunane i provinsen er Calbuco, Cochamó, Fresia, Frutillar, Llanquihue, Los Muermos, Maullín, og Puerto Varas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Llanquihue-provinsen