Llyn Dulyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Llyn Dulyn
innsjø
none
Område Snowdonia i Nord-Wales
utløp Afon Dulyn
Areal 13 hektar km²
Wikimedia Commons: Llyn Dulyn, Conwy

Llyn Dulyn er ein innsjø i enden av Carneddau-fjella i Snowdonia i Nord-Wales.

Innsjøen dekkjer eit område på 13 hektar, men er likevel djup, 58 meter på det djupaste. Mindre enn ein kilometer mot sør ligg den mindre Llyn Melynllyn.

Klipper stig bratt opp frå breidda av innsjøen til toppane av Garnedd Uchaf og Foel Grach, noko som gjer at innsjøen virkar mørk. Namnet tyder då ògså «Svartevatnet». Det

Det vart bygd ein dam i innsjøen i 1881 for å auke vasskapasiteten, men dammen er endra fleire gonger sidan den gong. Som reservoar gjev Dulyn (i lag med Melynllyn) vatn til byen Llandudno. Røyrleidningar kryssar River Conwy ved Tal-y-Cafn-brua.

Elva som renn ut av innsjøen heiter Afon Dulyn og renn gjennom Llyn Eigiau. Afon Dulyn renn nordaustover og passerer Tal-y-bont før ho munnar ut i River Conwy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Llyn Dulyn» frå Wikipedia på engelsk, den 22. desember 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • "The lakes of North Wales" by Jonah Jones, Whittet Books Ltd, 1987
    • "The lakes of Eryri" by Geraint Roberts, Gwasg Carreg Gwalch, 1985

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]