Llyn Ogwen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Llyn Ogwen
innsjø
none  mot nord
mot nord
Område Nord-Wales
Tilsig Afon Lloer i Tryfan i Pen yr Ole Wen
Utløp River Ogwen
Høgd over havet 310 moh moh
Areal 32 hektar km²
Wikimedia Commons: Llyn Ogwen

Llyn Ogwen er ein innsjø nordvest i Wales. Han ligg langs A5 mellom fjellkjedene Snowdonia, Carneddau og Glyderau. Grevskapsgrensa her er trekt slik at sjølve innsjøen ligg i Gwynedd, medan alt det omliggande landområdet (utanom utsiget) ligg i Conwy County Borough.

Llyn Ogwen ligg 310 meter over havet og har eit areal på 32 hektar. Han er særs grunn og den største djupna er ikkje meir enn tre meter. Det renn fleire bekkar ut i vatnet frå fjella omkring, mellom anna Tryfan og Pen yr Ole Wen. Den største av desse elvane er Afon Lloer, som kjem frå Ffynnon Lloer.

Llyn Ogwen er òg kjelda til Afon Ogwen som renn nordover og ut i sjøen nær Bangor. Sjølv om Ogwen er ein naturleg innsjø, vart det bygd ei demning tidleg på 1900-talet for å auke vassnivået. Vatnet vart nytta i Penrhyn-gruva i nærleiken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]