Hopp til innhald

Lošinj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lošinj
Den gamle hamna i Veli Lošinj
Den gamle hamna i Veli Lošinj
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 44°35′N 14°24′E
Øygruppe Cres-Lošinj

Areal 74,36 km²

Høgaste punkt Televrina (588 moh.)

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Primorje-Gorski Kotar
Største busetnad Mali Lošinj (5 561 innb.)

Demografi
Folketal 7 087[1] (2021)

Lošinj (italiensk Lussino, latin Apsorrus) er ei øy i Adriahavet ved Kroatia i Kvarnerbukta. Ho ligg like sør for byen Rijeka, og er ein del av Primorje-Gorski Kotar fylke.

Av busetnadar på Lošinj finn ein mellom anna (italiensk namn i parantes): Nerezine (Neresine), Sveti Jakov (San Giacomo Lussignano), Ćunski (Chiusi Lussignano), Artaturi (Artatore), Mali Lošinj (Lussinpiccolo) og Veli Lošinj (Lussingrande).

Ein hovudveg går på langs av øya, og ein har ferjeruter Brestova - Porozina, Merag - Valbiska, Mali Lošinj - Zadar, Mali Lošinj - Pula. Det ligg òg ein flyplass på øya.

Administrativt høyrer øya til bykommunen Mali Lošinj, som òg omfattar den sørlege delen av Cres og fleire småøyar.

Lošinj er ein del av øygruppa Cres-Lošinj, som òg inneheld øya Cres og dei mindre øyane Unije, Ilovik, Susak, Vele Srakane, Male Srakane og fleire mindre øyar som ikkje er busette. Cres er den største øya i området, medan Lošinj er den nest største. Det går ei lita bru mellom Cres og Lošinj ved landsbyen Osor (italiensk Ossero) på øya Cres.

Lošinj er den 11. største øya i Adriahavet ut frå areal. Ho er 33 km lang, og er opp til 4,75 km brei i nord og midten av øya. Den totale kystlinja er 112 km.

Med over 2600 soltimar i året er øya ein populær feriestad for tyske og italienske turistar i sommarmånadane. Den gjennomsnittlege luftfukta er 70 %, og om sommaren ligg normaltemperaturen på 24 °C, på vinteren 7 °C.

Det høgaste punktet på øya er Televrin (òg kalla Osoršćica) på 588 m og Sv. Nikola 557 m. Landsbyane Nerezine og Sveti Jakov ligg ved foten. Øya består hovudsakleg av bergartane kalkstein og dolomitt. På den vestlege delen av Kurliahalvøya er det sandavleiringar.

Øya har eit mildt klima med eviggrøn vegetasjon (som myrt, steineik og laubærtre). Dei høgareliggande områda har mindre vegetasjon. Landsbyane Veli Lošinj, Čikat og den sørvestlege kysten er omringa av furuskog.

Lošinj har sannsynlegvis vore busett sidan antikken, og det ligg festningar ved foten av Osoršćica og rundt hamna i Mali Lošinj. Romarane kalla øya Apsorrus (Ptolemaios), og øyane Lošinj og Cres i lag som Apsirtides. Fleire stader har ein grave ut romerske villaer. Fleire små eremittkyrkjer frå romartida har vorte bevart (St. Lovreć nær Osor, og St. Jakov i Sveti Jakov). I mellomalderen høyrde Lošinj til den geistlege adelen i Osor og var ikkje folkesett.

Dei første spora etter innbyggjarar frå fastlandet var i 1280. Etter ein kontrakt med Osor, fekk desse busetnadane sjølvstyre i 1389. Namnet Lošinj vart først nemnd i 1384. Parallelt med at Osor forfall på 1400-talet, vart busetnadane Veli Lošinj og Mali Lošinj stadig viktigare.

På 1700- og 1800-talet vart handel, skipsbygging og sjøfart på øya utvikla. Etter at Republikken Venezia fall vart øya ein del av Austerrike-Ungarn fram til det kollapsa i 1918. Ho var så ein del av Italia fram til 1943. I 1945 vart øya annektert av Jugoslavia. Dette førte til at dei fleste av dei italiensktalande innbyggjarane flytta sidan dei ikkje ville leve under eit kommuniststyre. Lošinj har vore kroatisk sidan landet erklærte sjølvstende frå Jugoslavia i 1991.

Folketalet i busetnadene på øya ved dei siste folketeljingane var:

Folketal 2001[2] Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Mali Lošinj 6 296 6 091 5 561
Veli Lošinj 917 901 857
Nerezine 371 353 397
Ćunski 150 165 198
Sveti Jakov 37 77 74
Øya Lošinj 7 771 7 587 7 087

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025. 
  2. «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025. 
  3. «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.