Local Hero av Mark Knopfler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Local Hero
Filmmusikk av Mark Knopfler
Utgjeve Mars 1983
Innspelt The Power Station i New York og Eden Studios i London i 1982
Sjanger keltisk musikk, pop, jazz, folk
Lengd 43:48
Selskap Vertigo

Warner Bros. (USA)

Produsent Mark Knopfler
Mark Knopfler-kronologi
Local Hero Cal
(1984)


Local Hero er det første filmmusikkalbumet til den britiske musikaren, låtskrivaren og gitaristen Mark Knopfler, gjeve ut i mars 1983 på Vertigo Records internasjonalt og Warner Bros. Records i USA. Albumet inneheld musikk skriven for filmen Local Hero i 1983, produsert av David Puttnam og skriven og regissert av Bill Forsyth.[1] I 1984 fekk albumet ein BAFTA-nominasjon for beste filmmusikk.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter ei rekkje på tre storseljande album med Dire StraitsDire Straits (1978), Communiqué (1979) og Making Movies (1980)—byrja frontmannen i gruppa, Mark Knopfler, å sjå seg om etter nye musikalske utfordringar og mogelegheiter. Tidleg i 1982, skreiv manageren til Knopfler til fleire filmregissørar og indikerte at Knopfler var interessert i å skrive filmmusikk. Produsenten David Puttnam varte og etter å ha sett over Local Hero-prosjektet, tok Knopfler i mot jobben.[3] Etter det fjerde Dire Straits-albumet var ferdig, Love Over Gold (1982), spelt inn frå 8. mars til 11. juni 1982 — eit album som òg kom til å selje stort - byrja Knopfler på det første soloprosjektet sitt. Knopfler inviterte med seg Gerry Rafferty som solovokalist på songen «The Way It Always Starts». I 2000 inviterte Rafferty Knopfler med på rytmegitar og sologitar på det siste soloalbumet hans, Another World.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Local Hero vart spelt inn i 1982 ved The Power Station i New York og Eden Studios i London.[4] Ceilidh-scenene vart spelte inn i Hilton Women's Royal Institute Hall nær Banff i Skottland den 19. juni 1982 av Mark Knopfler, og lydteknikaren Louis Kramer med ein Nagra 4.2L.[5]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg [1]
Rolling Stone4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [6]

I meldinga si for AllMusic gav William Ruhlmann albumet fire og ei halv av fem stjerner, og skreiv at Knopflers «intrikate, sjølvgranskande fingerplukking var perfekt for den vemodige tonen i komedien til Bill Forsyth, Local Hero».[1] Ruhlmann sa vidare, «den lågmælte musikken har spor frå skotsk musikk, men det meste høyres ut som Dire Straits-instrumentalar, særleg det tilbakevendande temaet, ein av dei mest minneverdige melodiane til Knopfler».[1]

Magasinet Rolling Stone kalla filmmusikkdebuten til Knopfler's «ein innsmigrande LP av sjarmerande, kosmopolittisk musikk - ei plate som kan danne filmar i tankane dine».[6]

For Local Hero fekk Knopfler ein nominasjon til BAFTA-prisen, den britiske Spellemannsprisen, for beste filmmusikk.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler, utanom der andre er nemnde[5]

# Tittel Lengd
1. «The Rocks and the Water»   3:30
2. «Wild Theme»   3:38
3. «Freeway Flyer»   1:47
4. «Boomtown (variation Louis' Favourite)»   4:06
5. «The Way It Always Starts» (med Gerry Rafferty) 4:00
6. «The Rocks and the Thunder»   0:45
7. «The Ceilidh and the Northern Lights»   3:57
8. «The Mist Covered Mountains» (Trad. arr. Mark Knopfler) 5:13
9. «The Ceilidh: Louis' Favourite, Billy's Tune»   3:57
10. «Whistle Theme»   0:51
11. «Smooching»   4:58
12. «Stargazer»   1:31
13. «The Rocks and the Thunder»   0:40
14. «Going Home (Theme of the Local Hero)»   4:55
43:48

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikk
Produksjon
  • Mark Knopfler – produsent
  • Neil Dorfsman – lydteknikar
  • Josh Abbey – assisterande lydteknikar
  • Tim Palmer – assisterande lydteknikar
  • Phil Vinall – assisterande lydteknikar
  • Bob Ludwig – mastering ved Masterdisk
  • Denis Waugh – plateomslag
  • Frank Griffin – bakside plateomslag[5]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Organisasjon Nivå Dato
BPI – UK Sølv 17. mai 1984

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. The Acetones er ei gruppe som spelar i Ceilidh-scenane i filmen Local Hero. The Acetones er Alan Clark (piano), Alan Darby (gitar), Roddy Murray (gitar), Jimmy Yuill (whistle), Mark Winchester (fiolin), Dale Winchester (trekkspel), Brian Rowan (bass) og Ed Bicknell (trommer).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Ruhlmann, William. «Local Hero». AllMusic. Henta 8. januar 2015. 
  2. 2,0 2,1 «Awards Database 1983». BAFTA. Henta 12. januar 2015. 
  3. Hunter, Alan; Astaire, Mark (1983). Local Hero: The Making of the Film. Edinburgh: Polygon Books. s. 39. ISBN 978-090491967 Check |isbn= value: length (hjelp). 
  4. Making of Local Hero Filmmusikk. [Television]. Scotland: AMIT TV. 1983. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Local Hero (booklet). Mark Knopfler. Burbank, California: Warner Bros. Records. 1983. s. 2–4. 23827-2. 
  6. 6,0 6,1 «Local Hero Album Review». Rolling Stone (396). 25. mai 1983. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]