Loch Earn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Loch Earn
innsjø
Loch Earn2.jpg
Land Flag of Scotland.svg Skottland
Innsjøtype loch
Utløp River Earn
Lengd 10,5 km
Breidd 1,2 km
Koordinatar 56°23′N 4°14′WKoordinatar: 56°23′N 4°14′W
Øyar Neish Island
Byar Lochearnhead St Fillans
Wikimedia Commons: Loch Earn

Loch Earn (skotsk-gælisk, Loch Eire/Loch Éireann) er ein innsjø sentralt i Det skotske høglandet, i distrikta Perth and Kinross og Stirling. Namnet tyder «Loch Irland» og ein trur det har opphav frå tida då gælarane utvida Kongedømet Dalriada austover til piktarane sitt land.[1]

Loch Earn, mot St. Fillans.

Han er ein lang og smal innsjø, 17 km vest for Crieff og er om lag 10,5 km lang, og på det breiaste 1,2 km. Den største djupna er om lag 87 meter. Lochearnhead er ein landsby som ligg i vestenden av innsjøen, medan St. Fillans ligg i aust. Frå her renn elva River Earn austover frå innsjøen, gjennom Strathearn og til slutt ut i Firth of Tay 75 km unna. Lochearnhead er eit senter for vassport i innsjøen, som vasski, kanopadling og segling. Innsjøen har òg ein del aure og med løyve kan ein fiske langs heile breidda av innsjøen, eller med båt.

Sør for innsjøen ligg Ben Vorlich, ein bratt fjelltopp på 985 meter over havet. Like aust for Lochearnhead, på sørsida av innsjøen, ligg Edinample Castle, bygt av 'Black' Duncan Campbell frå Glenorchy i 1584. Lenger aust ligg Ardvorlich House, heimstaden til Stewarts of Ardvorlich frå 1580 (ombygd i 1790).

Loch Earn er uvanleg på den måten at det ser ut til at han har eit eige tidvatn, eller seiche,[2][3] som er skapt av den framherskande vinden som bles langs innsjøen. Vinden stuvar opp vatnet i eine enden av innsjøen og i takt med vinden skapar dette ei langsam svinging i vassnivået i kvar ende av innsjøen. Perioden på denne bølgja er 16 meter og effekten er målbar, men vanskeleg å observere.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • McNaughton, D,(1988) «The History of Upper Strathearn», Jamieson & Munro.
  • Murray, J, 1906. An investigation of the seiches of Loch Earn by the Scottish Lake Survey, Part 2, Preliminary limnographic investigations on Loch Earn. Trans. Roy. Soc. Edinb., 45, 387-396.
  • MacManus, J. og R. W Duck, Internal seiches and subaqueous landforms in lacustrine cohesive sediments, Nature, 334, 511-513, 1988