Loch Errochty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Loch Errochty
innsjø
none Austenden frå Beinn a' Chuallaich
Austenden frå Beinn a' Chuallaich
Region Perth and Kinross i Skottland
Innsjøtype loch, reservoar
Høgd over havet 330 moh moh
Lengd 5 km km
Breidd 1 km km
Areal 3 03 km² km²
Koordinatar 56°45′40″N 4°8′40″WKoordinatar: 56°45′40″N 4°8′40″W

Loch Errochty er ein kunstig innsjø i Dei skotske høglanda i Perth and Kinross.

Lamelldam ved innsjøen.
Demninga.

Errochty-dammen ligg ved enden av Glen Errochty, to kilometer nordvest for grenda Trinafour. Innsjøen har eit areal på kring 3 km²[1] og er 5 km lang og om lag 1 km på det breiaste. Innsjøen er heilt menneskeskapt og oppstod då det vart bygd ei demning over Errochty Water, elva som renn gjennom dalen. Demninga vart bygt i 1957 av A. & M. Carmichael Ltd som ein del av eit vasskraftanlegg. Innsjøen ligg 330 meter over havet. Sjølve demninga er ein diamantforma lamelldam, og er 49 meter høg og 354 meter lang. Demninga er bygt særleg kraftig for å motstå jordskjelv i samband med ei forkasting som går i området.[2] Vatnet frå Loch Errochty vert ført gjennom ein 10 km lang tunnel til Errochty vasskraftverk ved vestenden av Loch Tummel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. www.almanacofscotland.co.uk. oppgjer arealet til innsjøen.
  2. "The Dambuilders : Power from the Glens", James Miller, ISBN 1-84158-225-5 s. 117.