Loch Etive

Koordinatar: 56°29′N 5°09′W / 56.483°N 5.150°W / 56.483; -5.150
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Loch Etive mot nordaust frå Sron nam Feannag.
Loch Etive.

Loch Etive (skotsk-gælisk Loch Eite) er ein 31,4 km lang sea loch eller fjord i Argyll and Bute i Skottland. Han munnar ut i havet ved Connel, 5 km nord for Oban. Fjorden er 1,2 til 1,6 km brei.

Namnet Etive trur ein tyder «den vesle stygge» frå den gæliske gudinna som er knytt til fjordne. Fjorden går austover eit stykke før han svingar nordover. Vegen og jernbanen til Oban går langs sørsida av fjorden. Fjorden har ein smal munning, noko som fører til kraftige tidvasstraumar her, kalla Lora-falla. Delar av nordsida har vorte erklært eit særskild verneområde, særleg på grunn av den gamle vintereikskogen. Det finst ein liten selkoloni i Loch Etive på om lag 20 individ.

Like utfor munningen av fjorden ligg Dunstaffnage Castle. Dette var skansen til Kongedømet Dál Riata fram til 800-talet og kanskje senteret i kongedømet på denne tida. Ein trur at Lagnadssteinen vart halde her før han vart flytta til Scone Palace. Dei noverande ruinane er frå 1275.

Connel Bridge, ei imponerande utkragerbru ved Lora-falla, har ei interessant historie. Ho vart bygd i 1903 for Connel-Ballachulish-jernbanen. Ein skinnebuss frakta fotgjengarar over brua frå 1909 til 1914, då brua vart ombygd for jernbane og veg. Etter at banen vart lagt ned i 1966 har brua berre vorte nytta til biltrafikk.

I Ardchattan på nordsida av fjorden ligg ruinane av St. Modan-klosteret, grunnlagd på 1200-talet for cisterciensarmunkar frå Valliscaulium-ordenen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

56°29′N 5°09′W / 56.483°N 5.150°W / 56.483; -5.150