Loch Faskally

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Loch Faskally
innsjø
Loch Faskally.jpg
Land Flag of Scotland.svg Skottland
Innsjøtype reservoar
Lengd 3,2 km
Koordinatar 56°42′25″N 3°45′35″WKoordinatar: 56°42′25″N 3°45′35″W
Wikimedia Commons: Loch Faskally

Loch Faskally (skotsk-gælisk Loch Faschoille) er eit kunstig reservoar i Perth and Kinross i Skottland, 2,5 kilometer nordvest for Pitlochry.

Innsjøen ligg mellom bratte skogkledde åsar og er om lag 3 km lang og 700 meter brei. Innsjøen er skapt av Pitlochry Dam som vart bygd av Wimpey Construction mellom 1947 og 1950 som ein del av vasskraftforsyninga i Nord-Skottland. Dammen inneheld ei laksetrapp slik at kring 5400 laks kvart år kan passere demninga.

Innsjøen er ein populær stad for fiske etter bekkeaure, gjedde og laks.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]