Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark
nasjonalpark
Land  Storbritannia
Del av Scottish Executive
Kart
Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark
56°15′0″ N 4°37′0″ W
Topografisk kart over parken
Topografisk kart over parken
Topografisk kart over parken
Wikimedia Commons: Loch Lomond and The Trossachs National Park

Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark (skotsk-gælisk Pàirc Nàiseanta Loch Laomainn is nan Tròisichean) er ein nasjonalpark i Skottland. Han var den fyrste av to parkar oppretta av Det skotske parlamentet i 2002.[1] Parken ligg rundt innsjøen Loch Lomond, og omfattar fleire fjellkjeder der Trossachs er den mest kjende.

Parken strekker seg til å dekka store delar av vestdelen av det sørlege høglandet, som ligg nord for byområdet Glasgow, og inneheld mange fjell og innsjøar. Han er den fjerde største nasjonalparken på dei britiske øyane, med eit totalt areal på 1 865 km² og ei grense på rundt 350 km i lengde. Han har 21 fjell (munros, fjell høgare enn 914 meter), inkludert Ben Lomond, Ben Lui, Beinn Challuim, Ben More og to toppar kalla Bein Vorlich) og 20 corbetts (fjell på mellom 762 og 914 meter).

Utsikt mot Loch Katrine.
Foto: Richard Webb

Parken strekker seg over highlandforkastinga, som deler han inn i to særskilde regionar, lågland og høgland, som er klart forskjellige i underliggande geologi, jordtypar og topografi.[2] Endringa i bergart er tydelegast ved sjølve Loch Lomond, sidan forkastinga går over øyane Inchmurrin, Creinch, Torrinch og Inchcailloch og over ryggen til Conic Hill. I sør ligg grøne jorder og dyrka mark; mot nord ligg det fjell.[3]

Loch Lomond and The Trossachs National Park ligg nær det tett folkesette Central Belt i Skottland, og området har lenge vore populært blant vitjande. Hovudattraksjonane er å sjå på natur og dyreliv, turgåing, klatring, vassport og andre utandørsaktivitetar.[4] I 2017 var det 2,9 millionar besøk i parken, der 2,1 millionar var dagsbesøk og 783 000 blei gjort av besøkande som overnatta i parken.[5]

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Skotsk highlandfe i parken.

Over 200 fuglearter og over 25 % av alle plantearter som ein kjenner til at finst i Storbritannia, er registrert i nasjonalparken. Parken er heimstad for mange av artane som er mest assosierte med det skotske høglandet, som tiur, hjort, ekorn, skotsk villkatt, kongeørn, vandrefalk, orrfugl, musvåk og fiskeørn.[6]

Beverar er òg no til stades i parken, med teikn på beveraktivitet som blei observert ved Loch Achray i Trossachs under ei undersøking utført vinteren 2017–18. Ein trur beverane hadde spreidd seg dit frå den eksisterande bestanden ved elva Tay.[7] Ein koloni av wallabyar (pungdyr som ser ut som kenguruar, men er mindre) har budd på Inchconnachan, ei øy i Loch Lomond, sidan 1940 då dei blei innførte som ein framand art frå Australia.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «National park 'goes live'», BBC News. 8. juli 2002.
  2. Wild Park (2020), s. 55.
  3. Weir, Tom (1980): The Scottish Lochs. Constable and Company. ISBN 0-09-463270-7. s. 33–43.
  4. Nedlastbart kart (PDF). Arkivert fra originalen den 14. juni 2019
  5. Global Tourism Solutions (UK) Ltd (11. januar 2019): «Tourism Economic Impact 2017» Arkivert 17. april 2019 på Wayback Machine. (PDF). Loch Lomond & The Trossachs National Park Authority.
  6. «Wildlife & Nature in and around the Loch Lomond and Trossachs National Park». Visit Loch Lomond. Arkivert frå originalen 24. september 2020. 
  7. «SNH Research Report 1013 - Survey of the Tayside area beaver population 2017-2018» (PDF). Scottish Natural Heritage. 2018. s. iii.
  8. «About Loch Lomond», Visitscotland

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]