Loch Morlich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Loch Morlich
innsjø
none
Område Badenoch and Strathspey i Highland i Skottland
Wikimedia Commons: Loch Morlich

Loch Morlich (skotsk-gælisk Loch Mhùrlaig) er ein innsjø i Badenoch and Strathspey i Highland i Skottland nær Aviemore. Det ligg eit vassportsenter ved innsjøen med høve til kajakkpadling, segling og brettsegling. Her finst òg ein yachtklubb og det går sykkelstiar rundt innsjøen. Innsjøen ligg berre nokre få kilometer frå Aviemore.

Store delar av breidda av innsjøen består av sandstrender. Det er mykje knust glas på strendene, men det kjem ikkje frå uforsiktige turistar, men er spor etter den andre verdskrigen då området kring Loch Morlich vart nytta som kommandoskule. Særleg vart området nytta som treningsområde for norske Kompani Linge, fordi både landskapet og klimaet her likna det ein har i Noreg. Eit minnesmerke for Kompani Linge står utanfor vitjingssenteret Glenmore Forest Park.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]