Lochindorb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lochindorb
innsjø
none  Ein kan berre vitje Lochindorb Castle med båt
Ein kan berre vitje Lochindorb Castle med båt
Område Strathspey i Skottland
Øyar Lochindorb Castle
Wikimedia Commons: Lochindorb

Lochindorb (skotsk-gælisk Loch nan Doirb) er ein innsjø nord for Grantown on Spey i Highland i Skottland. På ei øy i innsjøen står Lochindorb Castle, som tidlegare høyrte til Clan Comyn. Innsjøen er ein populær stad for fiskarar og fuglekikkarar, som mellom anna kjem for å sjå den lokale storlomen og grågjessene. Søraust for innsjøen ligg ein liten barskog og i denne skogen ligg Lochindorb-hytta.

Borga[endre | endre wikiteksten]

Borga vart først nemnd under sjølvstendekrigane då Sir John ('the Black') Comyn døydde der i 1300. I 1455 var borga eigd av Archibald Douglas, jarl av Moray, og året etter vart Douglas slått og døydde ved Arkinholm. Kongen tok då over Lochindorb og gav ordre om å rive ho ned. Sidan den gong har berre ruinane stått att.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lochindorb