Lock Up Your Daughters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lock Up Your Daughters
Singel av Slade
frå albumet Till Deaf Do Us Part
B-side

Sign of the Times

Språk engelsk
Utgjeve 4. september 1981
Sjanger Rock
Lengd 3:26
Selskap RCA
Komponist Noddy Holder, Jim Lea
Tekstforfattar Noddy Holder, Jim Lea
Låtskrivar(ar) Noddy Holder, Jim Lea
Produsent Slade
Slade-kronologi 
«Knuckle Sandwich Nancy»
(1981)
Lock Up Your Daughters «Ruby Red»
(1982)


«Lock Up Your Daughters» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1981 som den andre singelen frå det tiande studioalbumet Till Deaf Do Us Part. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Slade. Songen nådde 29. plassen på den britiske singellista og låg på lista i åtte veker.[1]

«Lock Up Your Daughters» var meir heavy metal-dominert enn vanleg for bandet, som ein respons på at dei hadde tiltrekt seg meir metal-fans etter Readingfestivalen. Songen vart mykje spelt på konsertane deira.[2]

B-sida til songen var «Sign of the Times», opphavleg frå albumet Return to Base i 1979, då han òg kom ut på singel.[3][4]

Det vart filma ein musikkvideo til songen, men denne vart lite vist då han kom. Han vart filma 7. september 1981 i Portland Studios i London.[5] Bandet spelte songen på musikkshowet Top of the Pops i september 1981 og igjen nokre veker seinare. Bandet framførte òg songen på det nederlandske TV-showet TopPop.[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"-singel
  1. «Lock Up Your Daughters» - 3:31
  2. «Sign of the Times» - 3:58

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1981) Plassering
Den nederlandske singellista[7] 19
UK Singles Chart[1] 29

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • I 1989 spelte det engelsk-amerikanske rockebandet Lion inn ein versjon av songen for det andre og siste studioalbumet deira Trouble in Angel City.[8]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «SLADE | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 17. oktober 2021. 
  2. Slade - Till Deaf Do Us Part - Salvo 2007 remaster booklet liner notes
  3. «ALL Diskografi @ www.collectadisc.co.uk». Collectadisc.co.uk. Henta 13. oktober 2021. 
  4. «Slade - Lock Up Your Daughters at Discogs». Discogs.com. Henta 13. oktober 2021. 
  5. «1956165_orig.jpg (576x800 pixels)». Archive.is. 10. september 2012. Arkivert frå originalen 10. september 2012. Henta 14. januar 2019. 
  6. «TOPPOP: Slade - Lock Up Your Daughters». YouTube. 4. mai 2012. Henta 13. oktober 2021. 
  7. Steffen Hung. «Slade - Lock Up Your Daughters». dutchcharts.nl. Henta 14. oktober 2021. 
  8. «Trouble in Angel City - Lion | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 17. oktober 2021.