Loddetinn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein rull loddetinn som inneheld bly.

Loddetinn er eit metall med lågt smeltepunkt som vert brukt ved lodding. Som oftast er metallet ei legering av først og fremst tinn, bly og sølv, men ein kan også bruka reint tinn til lodding. Ein skil mellom mjuklodding og slaglodding/hardlodding. For kopar- og blikkenslagaren er mjuklodding mest brukt. Det vert gjort med varm loddebolt og loddetinn.

Loddetinn inneheld eit sjikt av flussmiddel som gir betre heft. Flussmiddelet forsvinn ved lodding, og er heilt naudsynt for at ein skal få ei god lodding. Flussmiddelet er årsaka til lodderøyken som kjem ved oppvarming av loddetinnet.

Direktivet RoHS, som kom i bruk frå 1. juli 2006, seier at det i alle nye elektroniske produkt skal brukast blyfritt loddetinn. Det er likevel mange unntak, som produkt som vert brukt i medisinsk samanheng.

Loddetinn er som regel sett saman av 50 % tinn og 50 % bly. Dette gir ein smeltetemperatur på 200 grader. Loddebolt av kopar leier betre varme og er hardare og meir syretålande.

Smeltetemperaturar

25 % tinn 75 % bly = 257 grader C
30 % tinn 70 % bly = 250 grader C
33 % tinn 67 % bly = 240 grader C
40 % tinn 60 % bly = 230 grader C
50 % tinn 50 % bly = 200 grader C
60 % tinn 40 % bly = 185 grader C
98 % tinn 2 % bly = 220 grader C

Lodde og flussmiddel[endre | endre wikiteksten]

Oftast er det nok med saltsyre og loddevatn til reingjering og fjerning av oksidhinner. Loddevatn vert laga ved at ein tømmer saltsyre opp i eit lite kar, gjerne av bly som ein bretter til sjølv. Så puttar ein bitar av sink oppi karet litt og litt i gongen til det sluttar å koke og sinken ikkje vert eten opp av syra. Dette bør gjerast utandørs, då det utviklar mykje røyk og hydrogen. Når konsentrasjonen av hydrogen i lufta er stor nok får ein knallgass, som kan vere eksplosivt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]