Lodger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lodger
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 25. mai 1979
Innspelt September 1978 til mars 1979
Studio
Sjanger
Lengd 34:38
Selskap RCA
Produsent
David Bowie-kronologi
Stage
(1978)
Lodger Scary Monsters (and Super Creeps)
(1980)


Singlar frå Lodger
  1. «Boys Keep Swinging» / «Fantastic Voyage»
    Utgjeve: 27. april 1979
  2. «DJ» / «Repetition»
    Utgjeve: 29. juni 1979
  3. «Yassassin» / «Repetition»
    Utgjeve: July 1979 (berre Nederland)
  4. «Look Back in Anger» / «Repetition»
    Utgjeve: 1979 (berre USA og Canada)

Lodger er det 13. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, utgjeve 25. mai 1979 på RCA Records. Etter eit hendingsrikt år med to studioalbum, Low og “Heroes”, og mange andre sideprosjekt i 1977, la Bowie ut på Isolar II-turneen i 1978. Under ein pause i turneen kom Bowie saman att med samarbeidspartnaren Brian Eno og produsenten Tony Visconti for å spele inn det neste albumet sitt. Det siste albumet i Berlintrilogien vart hovudsakleg spelt inn i Mountain Studios i Montreux i Sveits, i september 1978. Dei fleste musikarane som hadde vore med på dei to førre albuma kom attende, i lag med den framtidige King Crimson-gitaristen Adrian Belew, som kom med frå turneen.

Under innspelinga vart det nytta teknikkar inspirert av Eno sine Oblique Strategies-kort, som at musikarane byta instrument og spelte gamle songar baklengs. Etter Isolar II-turneen, vart det gjort fleire opptak og miksing i Record Plant i New York City i mars 1979. Musikken på Lodger er skildra som kunstrock og eksperimentell rock, men manglar dei elektroniske og ambiente stilane og har ikkje den same delinga mellom songar og instrumentalar som dei to førre albuma. I staden hadde det ein meir vanleg songstruktur og utforskar stilar som avant-pop, verdsmusikk og new wave. Tekstane på albumet er delte inn i to større tema: reise (hovudsakleg side ein) og kritikk av den vestlege sivilisasjonen (hovudsakleg side to). Popartisten Derek Boshier tok det tilhøyrande plateomslaget og syner Bowie som eit offer for ei ulukke.

Lodger selde moderat og nådde fjerdeplassen på UK Albums Chart og 20. plassen på den amerikanske Billboard 200. Det inneheld fire singlar, inkludert den britiske topp 10-hitten «Boys Keep Swinging». Nyskapande musikkvideoar regisserte av David Mallet vart laga til tre av dei fire singlane. Albumet fekk opphavleg blanda kritikk frå kritikarane, og mange kalla albumet det svakaste i Berlintrilogien. I løpet av åra har albumet modna og kritikken har blitt betre og det vert i dag av mange rekna som eit av dei mest undervurderte albuma til Bowie. Verdsmusikkelementa har blitt trekt fram som særskild innverknadsrik. Bowie og Visconti var misnøgde med den originale miksen og i 2015 miksa Visconti albumet på ny med godkjenning frå Bowie for plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982) som kom ut i 2017, i lag med ein ommastra versjon av den originale utgåva.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I andre halvdel av 1976 flytta David Bowie til Sveits med kona Angela for å kome seg unna dopkulturen i Los Angeles.[1][2] Han vart så særs produktiv dei neste åra. Han flytta til Château d'Hérouville i Hérouville i Frankrike med venen og songaren Iggy Pop. De rspelte dei to inn debutalbumet til Pop, The Idiot (1977).[3] Han møtte så musikaren Brian Eno same året,[4] og byrja ei rekkje samarbeid med Eno og produsenten Tony Visconti som vart kjend som Berlintrilogien.[2] Det første albumet, Low, vart spelt inn her frå september til november 1976[5] med ekstra opptak i Hansa Tonstudio i Vest-Berlin,[6] etter at Bowie og Pop flytta dit.[1][7]

Etter Low kom ut i januar 1977 turnerte Bowie som klaverspelaren til Pop.[8][9] Etter turneen var over drog dei to til Hansa Tonstudio, der dei spelte inn det neste soloalbumet til Pop, Lust for Life (1977) i løpet av to og ei halvveke, frå april til mai 1977.[10] Bowie starta så det neste samarbeidet sitt med Visconti og Eno, det 12. studioalbumet hans, “Heroes”, som vart spelt inn i Hansa mellom juli og august 1977.[11] “Heroes” kom ut i oktober 1977[12] og Bowie marknadsførte det stort med mange intervju og framføringa på ymse fjernsynsprogram,[13] inkludert ei duett, «Peace on Earth/Little Drummer Boy», med songaren Bing CrosbyBing Crosby's Merrie Olde Christmas.[14] Han spelte så inn ei forteljing over den klassiske komposisjonen til Sergej Prokofjev, Peter and the Wolf, gjeve ut som eit album i mai 1978.[10] Han spelte så i David Hemmings-filmen Just a Gigolo,[15] og la til slutt ut på Isolar II-verdsturneen, som varte frå mars 1978 til slutten av året.[16]

Innspeling og produksjon[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga av Lodger byrja under ein fire månader lang pause i Isolar II-turneen i september 1978.[17] Sjølv om Lodger er kjend som det siste albumet i Berlintrilogien, vart det i stor grad spelt inn i Mountain Studios i Montreux i Sveits, med ekstra lydspor for å fullføre albumet i Record Plant i New York City.[17][18] Atmosfæren i Montreux var særs annleis frå den i Berlin. Studioet var bygd på staden der eit tidlegare studio hadde brend ned.[18] Medan Hansa Tonstudio låg like ved Berlinmuren, låg Mountain Studios vakker til ved Alpane. Gitaristen Carlos Alomar skildra staden som «keisam», og føretrekte «spaninga» i Hansa. Mountain mangla òg akustikken i Hansa.[19]

Den framtidige King Crimson-gitaristen Adrian Belew spelte på Lodger (avbilda i 2017).

Mange av dei same musikarane frå dei tidlegare platene — Eno, Visconti, Alomar, Dennis Davis og George Murray[20] — kom attende for Lodger-innspelinga.[21] I tillegg fekk dei med seg den framtidige King Crimson-gitaristen Adrian Belew, som Bowie hadde «stole» då gitaristen turnerte med Frank Zappa.[22] Den seinare bandkollegaen til Belew, Robert Fripp, hadde spelt gitar på “Heroes”.[23] Mykje av gitararbeidet til Belew på Lodger vart sett saman frå fleire opptak spelt mot akkompagnement som han ikkje hadde høyrt før han spelte på dei, og kjende ikkje ein gong tonearten.[22] Belew sa «Då eg kom hadde dei alt tjue spor klare: bass, trommer, rytmegitar, men ingen vokal. Dei sa 'Me vil ikkje la deg høyre desse songane. Me vil at du skal gå inn i studio og spele kva enn som kjem til deg'.»[17] Belew skildra den siste gitarsoloen på «DJ» som noko som høyrest ut som «du skiftar kanal på radioen og kvar kanal har ein forskjellig gitarsolo».[24]

Under innspelinga nytta Bowie og Eno teknikkar baserte på Eno sine Oblique Strategies-kort.[21] I følgje biografen Chris O'Leary var desse korta «dels-spåkake, dels-Monopol-sjansekort», meint å skape kreative idear.[25] Eno og Bowie hadde tidlegare nytta dei på somme av instrumentalane på “Heroes”.[25][26] Ved hjelp av korta utførte Bowie og Eno ei rekkje eksperiment under innspelingane. Somme av desse omfatta å spele gamle songar baklengs, nytte identiske akkordsekvensar på ulike songar og la musikarane byte instrument, som Alomar og Davis gjorde på «Boys Keep Swinging».[21][27] Pianisten Sean Mayes sa: «[Bowie] var veldig glad i spontanitet. Han ønskte å ha alt spelt inn på første eller andre opptak, med feil og alt.»[17] Biografen Nicholas Pegg skreiv at fleire songar, som «African Night Flight», «Yassassin» og «Red Sails», vart komponerte «kring ein melodisk samanstøyt av ulike kulturar».[17] På grunn av det eksperimentelle preget under innspelingane var tidlege arbeidstitlar på albumet Planned Accidents og Despite Straight Lines. I motsetnad til tekstane på “Heroes”, som Bowie i stor grad improviserte medan han stod føre mikrofonen, skreiv han det meste av tekstane til Lodger seinare. Dei var ukjende under innspelingane i Mountain. Utanom «Yassassin» og «Red Sails», vart alle spora spelte inn med arbeidstitlar.[28]

I tillegg til Oblique Strategies-korta til Eno, hugsa Visconti at Eno hadde meir spelerom under innspelingane enn han hadde hatt for Low og “Heroes”. For «Look Back in Anger» gav Eno bandet åtte av favorittakkordane sine og instruerte dei til å «spele noko funky».[28] Alomar mislikte dette, og sa til biografen David Buckley at han var «fullstendig, fullstendig i mot det».[22] Trass i at Eno tok kontroll til visse tidspunkt, var han berre medlåtskrivar på seks av ti spor på albumet.[29] Eno kjende at trilogien byrja å «gradvid få mindre momentum » med Lodger,[30] og Belew observerte òg at arbeidsforholdet til Eno og Bowie gjekk mot ein slutt: «Dei krangla ikkje eller noko usivilisert som det. Det verka berre som dei ikkje hadde den gnisten eg trur dei hadde under "Heroes"[22] Visconti delte liknande tankar og sa ved fleire høve: «Eg trur ikkje David la heile sjela si i Lodger.» «Me hadde det moro, men det var likevel ei illevarslande kjensle som gjennomsyra albumet for min del.»[29]

Innspelinga i Mountain Studios varte i tre veker, før bandet drog attende på turné. Då turneen var over drog Bowie til Record Plant i mars 1979, der han spelte inn vokalen og la til ekstra lydspor, og byrja miksinga. Belew kom attende for å spele meir gitar, medan Visconti spelte inn bass på «Boys Keep Swinging» på ny, etter at Bowie fann ut at spelinga til Davis ikkje passa. Arbeidet var ferdig på ei veke.[29] Visconti hugsa at dei hadde «lydmessige problem» under miksinga, fordi studioet ikkje var like teknisk avanserte som dei europeiske studioa.[31]

Musikalsk stil[endre | endre wikiteksten]

« Før Lodger, var musikken mørkare og kanskje mindre eksperimentell. Lodger var meir ei verdsplate - urban og austleg på same tid. Det verkar som om Bowie spreia vengjene sine i den retninga, og innlemma element av verdsmusikk. Det inspirerte verkeleg gitarspelinga mi.[20] »

Consequence of Sound skildra musikken på Lodger som kunstrock og eksperimentell rock, som dei hadde gjort på dei to føregangarane.[32][33] Men albumet inneheld ikkje elektroniske og ambiente stilar og er heller ikkje delt mellom songar og instrumentalar, slik dei to tidlegare albuma var.[34].[2] Visconti sa: «Me droppa den ambiente side to og berre spelte inn songar!»[29] På grunn av dette reknar Stephen Thomas Erlewine i AllMusic Lodger som den mest «lyttarvenlege» plata i Berlintrilogien, og skildr songane som «forvridd avant-pop»;[35] Belew skildra på same vis songane som «avantgarde popmusikk».[36] Den musikalske teksturen, særskild på «African Night Flight»,[37] er rekna som ein føregangar for verdsmusikk, [21] og Bowie sjølv reknar albumet som ein forløpar for stilen utvikla av Eno og David Byrne for My Life in the Bush of Ghosts (1981).[22][30] Frank Mastropolo i Ultimate Classic Rock skreiv at Lodger kombinerer verdsmusikk og new wave i eit «popformat».[2] Sjølv om Bryan Wawzenek, òg i Ultimate Classic Rock, meinte at Lodger var det meir lyttarvenlege albumet i Berlintrilogien, meinte han òg at det var det mest eksperimentelle, med element av musikk frå Midtausten, reggae, verdsmusikk og Krautrock innafor det store utvalet av popsongar.[38] Biografar har særskild peikt på det siste sporet på “Heroes”, «The Secret Life of Arabia», som ein forløpar for det Bowie kom til å gjere på Lodger, både musikalsk og tematisk.[39][40][41][42]

Etter dei dystre Low og “Heroes”, har biografane skildra opningssporet, «Fantastic Voyage», som «overraskande delikat» og «fredeleg»;[43][44] ein tanke forfattaren Peter Doggett meiner impliserer «ei mindre intens» plate.[45] Songen har same akkordsekvens som «Boys Keep Swinging» og tre forskjellige musikarar speler mandolin, og kvar spelte inn sine partar tre gongar, slik at det i alt er ni mandolinar over kvarandre.[44][46] Bowie komponerte «Move On» etter ved eit uhell å ha spelt den tidlegare songen sin «All the Young Dudes» baklengs, og så få Alomar til å så skrive ut den reverserte akkordsekvensen.[47][48] «Yassassin» kombinerer funk og reggae,[49] med fiolin spelt av Simon House for å skape ein stil som kan minne om ein folkesong frå Midtausten og tyrkisk musikk.[37][50][51] Til dels inspirerte musikken til det tyske bandet Neu! songen «Red Sails», og dei hadde begge den same særeigne «motorik»-rytmen. Pegg skildra songen som «eit livleg stykke new wave-pop».[52] Sporet er òg blitt samanlikna med Harmonia sin «Monza (Rauf und Runter)» frå 1975.[53]

Bowie snakka om «DJ» og sa: «Dette er noko kynisk, men det er mitt naturlege svar til disco[54] Bowie etterliknar David Byrne frå Talking Heads i vokalen sin.[55][56] Wawzenek trekte fram «DJ» som ein «dansbar juvel».[38] Doggett skildra «Look Back in Anger» som «drivande og utålmodig»,[57] medan Ned Raggett i AllMusic kalla det ein «kvass, spanande moderne rockesong».[58] O'Leary trekte særskild fram trommespelinga til Davis,[59] medan gitarsoloen til Alomar var inspirert av rytmegitarspelinga til John Lennon i The Beatles.[60] The Quietus meinte at «Boys Keep Swinging» hadde element av glamrock og garasjerock.[21] For innspelinga, som har same akkordsekvens som «Fantastic Voyage», instruerte Bowie bandet til å byte instrument.[61] «Repetition» har eit bassgitarriff som av Buckley er skildra som «insisterande og særs rart».[37] Doggett skreiv at stilen likna funk.[62] «Red Money» er bygd kring akkompagnementet til songen «Sister Midnight», ein Iggy Pop-song han spelte inn i lag med Bowie for The Idiot. Det vart lagt til ny gitar i lag med elektroniske effektar, baklengs gitar og vokalharmoniar.[63][64]

Tekst og tema[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Lodger ikkje har den same delinga mellom songar og instrumentalar som Low og “Heroes” hadde, er plata blitt tolka slik at ho er dominert av to store tema med reising på side ein og kritikk av den vestlege sivilisasjonen på side to.[39][65] Tidleg i 1977 sa Bowie «Eg bur eigentleg ingen stader. Eg er på reis 100 % av tida.» Same året sa han «Jo meir eg reiser, jo mindre sikker eg på kvar for politisk filosofi som er prisverdig. Eg reiser for å få idear til å skrive om verkelege hendingar heller enn å dra tilbake til eit system kor det kom frå.»[48] På grunn av dette, såg Mastropolo på Lodger som eit konseptalbum om ein heimlaus reisande.[2] Somme songar har særs politiske tekstar, som «Fantastic Voyage», som omhandlar «depresjonen» som leiarane i den kalde krigen og mogelegheita for atomkrig førte til,[44][43] og «Repetition», som omhandlar vald i heimen.[66] Eno var misnøgd med retninga Bowie tok for tekstane sine.[29]

Pegg skreiv om reisetemaet på side ein og at songane tar opp att eit «gjennomgåande motiv» i heile Berlintrilogien, og trekte fram linja «I've lived all over the world, I've left every place» frå Low-songen «Be My Wife»,[67] og peikte på at reisa er både metaforisk og geografisk.[65] Mellom innspelingane i Montreaux og New York, reiste Bowie til Kenya med sonen Duncan Jones, som var inspirasjon til teksten for «African Night Flight».[68] Både denne reisa, og reiser til Japan og Australia, inspirerte «Move On», som reflekterer reisetemaet som går gjennom side ein.[69] Doggett skreiv om songtitlane: «Etter hans 'African Night Flight', kva anna kan ein gjere enn å 'Move On'!»[47] Då Bowie vart spurt om «Red Sails» sa han i 1979: «Her tok me ei ny tysk musikk-kjensle og sette det opp mot ideen om ein ein moderne engelsk leigesoldat/heroisk Errol Flynn, og sette han i Kinahavet. Me har her ein herleg kryssreferanse av kulturar. Eg veit ærleg talt ikkje kva han handlar om.»[70] Pegg skreiv at «Red Sails» symboliserer Bowie sin veg bort frå mainstream.[65] «Yassassin» er tyrkisk for 'lenge leve', frå ordet yaşasın.[49] Som det instrumentalet “Heroes”-sporet «Neuköln», handlar songen om diskrimineringa av tyrkiske immigrantar som budde i Berlin, sjølv om teksten her er meir direkte.[51]

Tekstane på side to er hovudsakleg kritiske til det vestlege samfunnet.[39] «DJ» tar eit kynisk blikk på verda til ein diskjockey. På songen er DJen berre sett på for det han er på utsida: «I am a DJ, I am what I play».[60] Forfattaren Ian Mathers samanlikna songen med Elvis Costello sin «Radio Radio» (1978),[55] og skildra songen som «ei skrekksoge om eit menneske som er redusert til noko meir enn arbeid».[71] I «Look Back in Anger» syng Bowie om eit møte med ein dødsengel som kjem for å ta sjela hans.[60] «Boys Keep Swinging» har ein kjønnsbøyande tekst, som «When you're a boy, other boys check you out.»[72] I 2000 sa Bowie om songen: «Herlegheita i den songen var ironisk. Eg kjenner ikkje at det er noko særskild flott ved å vere anten mann eller kvinne. Eg leika berre med ideen om kolonisering av eit kjønn.[61] I «Repetition» utstrålar forteljaren ingen kjensler når han slår kona si,[39] som fekk Buckley til å skildra det som Bowie på «sitt mest skremande».[37] «Red Money» hevdar at «prosjektet er avlyst».[63] Bowie snakka om dei «raude boksane» som dukkar opp gjennom songen: «Denne songen trur eg handlar om ansvar. Raude boksar dukka stadig opp i måleria mine og dei representerer ansvar.»[52]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Bowie samarbeidde med den engelske popartisten Derek Boshier for plateomslaget av Lodger. Boshier kom seinare til å lage plateomslaget til det 15. studioalbumet til Bowie, Let's Dance (1983).[65] Det originale dobbeltfalsa plateomslaget bestod av eit bilete av Bowie teken av Brian Duffy. Bowie var på eit fliselagt bad og såg ut som han hadde vore i ei ulukke med ei tilsynelatande broten nase og ei bandasjert hand.[39][65] For å få til bilete, som var teken i februar 1979 i studioet til Duffy i London, balanserte Bowie på ei stålrame, medan fotografen tok biletet ovanfrå. Den brotne nasa og andletsendringane vart gjort ved hjelp av proteser og nylontråd. Den bandasjerte handa til Bowie var visstnok ekte i følgje PEgg. Han hadde brend handa på kaffi den morgonen og valte å ta med handa på fotoet.[65] Bowie bad om å få biletet teken med låg oppløysing med eit Polaroid SX-70-kamera. Andre bilete frå denne økta kom ut i boka Duffy/Bowie – Five Sessions i 2014. Fronten syner eit postkort med albumtittelen på fire ulike språk, som forsterkar reisetemaet.[65] På innsida av omslaget er bilete av liket til Che Guevara, Andrea Mantegna-måleriet Lamentation of Christ og Bowie som gjer seg klar for fotoet på framsida.[39] Rykodisc hadde ikkje desse bileta med på CD-utgåva frå 1991.[65]

Utgjeving og markandsføring[endre | endre wikiteksten]

RCA Records gav ut «Boys Keep Swinging» som den første singelen frå Lodger, med «Fantastic Voyage» som B-side, den 27. april 1979 med katalognummer RCA BOW.[73] For å marknadsføre songen hadde Bowie spelt på The Kenny Everett Video Show fire dagar tidlegare. I følgje Pegg var han kledd i ein «50-tals Mod-aktig dress» som fekk han til å sjå ut som ein «ung skulegut».[74] David Mallet, som Bowie valte til å regissere musikkvideoen til «Boys Keep Swinging», regisserte programmet. Musikkvideon og framføringa hans for Everett vart filma etter kvarandre, sjølv om førstnemnde hadde med ekstra dansarar som viste seg å vere Bowie i drag.[74] Everett-framføringa, og ein opptreden som gjeste-DJ på Radio 1-showet Star Special, var medverkande til at «Boys Keep Swinging» nådde sjuandeplassen på UK Singles Chart, den høgaste plasseringa til Bowie sidan «Sound and Vision».[75] Men på grunn av den kjønnsbøyande videoen og teksten, nekta RCA å gje ut singelen i USA[74]

RCA gav ut Lodger den 25. mai 1979[76] med katalognummer RCA BOW LP 1.[17] Albumet kom ut nesten to år etter “Heroes”, som var den lengste perioden mellom to studioalbum av Bowie sidan det andre albumet hans, Space Oddity (1969).[38] Buckley skriv at i løpet av den tida hadde new wave dukka opp og teke over for punkrock som den dominerande sjangeren, med artistar som Blondie og Kate Bush. Han skreiv òg at musikkvideoar og artistar som var inspirerte av musikken som Bowie gav ut før Berlintrilogien, som Human League, Devo og Gary Numan, hadde byrja å bli populære.[42][77] Lodger selde godt og nådde fjerdeplassen på UK Albums Chart og låg inne på lista i 17 veker.[78] Det nådde 20. plassen på den amerikanske Billboard 200, og låg inne på lista der i 15 veker.[79] Gjennom året selde Numan betre enn Bowie, med nummer-ein-hittar som Tubeway Army sin «Are "Friends" Electric?», debutalbumet The Pleasure Principle, og den første singelen frå albumet, «Cars».[80][81] Numan var stor fan av Bowie, men fekk motstand av fansen til Bowie som såg på han som ein rein kopi. Bowie kritiserte Numan, som førte til ein feide mellom dei to artistane som vart ei fleire år. I følgje Buckley førte heidringa til Numan at Bowie tok ei meir poporientert retning på det neste studioalbumet sitt, Scary Monsters (and Super Creeps) (1980).[80]

«DJ» vart valt ut som den andre singelen, med «Repetition» som B-side, utgjeve 29. juni 1979[82] med katalognummeret RCA BOW 3.[83] Pegg kalla det eit «modig ukommersielt val» for ein singel.[82] Songen kom ut i redigert form og nådde ikkje høgare enn 29. plassen på den britiske singellista.[83] Det vart laga ein musikkvideo til songen, òg regissert av Mallet. Videoen syner Bowie som går ned ei gate i Earl's Court i London, og møter overraska fans, innimellom klipp av han som ein mishandla DJ.[82] «Yassassin» vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet i Nederland, med «Repetition» igjen som B-side, i juli 1979 med katalognummeret RCA PB-9417.[84] Han gjekk ikkje inn på singellista,[51] men den nederlandske singelutgåva kom sidan ut på Re:Call 3, som ein del av plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982) (2017).[85] Etter at «Boys Keep Swinging» berre kom ut på singel i Storbritannia, gav RCA ut «Look Back in Anger», nok ein gong med «Repetition» som B-side, med katalognummer PB-11724,[86] som den fjerde singelen frå albumet i berre USA og Canada. Han gjekk ikkje inn på listene der.[87] Ein musikkvideo, igjen regissert av Mallet, marknadsførte singelen. Videoen var inspirert av Oscar Wilde sin The Picture of Dorian Gray, syner Bowie som ein målar i eit loftstudio der sjølvportrettet byrja å forfalle og smelte.[88]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[35]
Blender4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[89]
Chicago Tribune2.5/4 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[90]
Encyclopedia of Popular Music2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[91]
Entertainment WeeklyB+[92]
Pitchfork8.5/10[56]
Q4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[93]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[94]
Spin4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[95]
The Village VoiceA−[96]

I motsetnad til den universelle rosen føregangarane frå 1977 fekk, fekk Lodger blanda kritikk frå kritikarane då det først kom ut.[29] Blant dei negative meldingane kalla Greil Marcus i Rolling Stone albumet «eit av hans svakaste ... spreidd, ein fotnote til "Heroes", eit som berre markerer tid»,[97] medan Jon Savage i Melody Maker meinte det var keisamt og «eit greitt nok popalbum, vakkert framført, produsert og skapt, og noko anonymt».[98] I Smash Hits skildra Red Starr albumet som noko som høyrdest ut «ein pose med restar frå dei førre prosjekta» med «berre stundom glimt av genialitet».[99] Ein kritikar for Billboard skreiv på liknande vis at «tonen på albumet er ikkje like tiltrekkjande som dei meir nylege musikalske ekskursjonane hans». Sjølv om dei rekna det som både eit «framhald» og eit «sidesteg» frå dei tidlegare albuma, valte magasinet Lodger blant dei fremste albuma sine for veka 9. juni 1979.[100] Paul Yamada i New York Rocker meinte at albumet var skuffande samanlikna med føregangarane. Sjølv om han fann somme av songane «gode» og likte «easy-listening»-preget, meinte han det mangla meir «krevande» musikk enn dei tidlegare albuma og meinte Lodger totalt sett var «ein frustrerande, men likevel godt utforma LP som er mykje mindre enn det verkar som».[101] Sandy Robertson iSounds meinte Lodger har «somme bra idear», men at det som heilskap «ikkje er glimrande».[102]

Albumet fekk òg noko god kritikk. Ein skribent for The New York Times kalla det Bowie sitt «mest veltalande» album på fleire år,[29] medan Robert Christgau i The Village Voice skreiv positivt om det og sa at songane kan verke upassande og ikkje designfulle, men meinte at desse kvalitetane «er ein del av det som gjer dei sjarmerande — måten dei forvekslar kategoriar av kjensler og raffinement er så frustrerande at det er tilfredsstillande».[96] Tim Lott i Record Mirror skreiv: «Det er ganske enkelt tiltalande på ein så uvanleg måte at det ikkje er mogeleg å definere det tydeleg, sjølv når det er sett opp mot føregangarane sine i staden for generell 'popmusikk'.» Han rosa variasjonen i musikkstilane, men kritiserte somme av tekstane som latskap.[103]

I seinare har Lodger fått meir positive meldingar. Då albumet kom ut på ny i 1991, skreiv Ira Robbins i Entertainment Weekly at det var meir tilgjengeleg enn føregangarane og meinte at songane var forløparar til Let's Dance.[92] Rob Sheffield skreiv for The Rolling Stone Album Guide i 2004 at Lodger, «rockar like hardt som Station to Station og Aladdin Sane». Han kommenterte òg «knivskarpe musikalske hjørne» og «nye lag med vidd og rausheit i låtskrivinga», og trekte særskild fram «Boys Keep Swinging», «DJ» og «Fantastic Voyage».[94] Jon Dolan i Spin rekna Lodger som eit flott avslutning på «det beste tiåret til Bowie», og kalla det «hans siste store album».[95] I 2008 meinte Chris Roberts i Uncut at Lodger aldri fekk den merksemda det fortente og skreiv: «Generelt vert det rekna som ettertanken i den legendariske 'Berlintrilogien'...Lodger fortener sitt eige rom i det kritiske panteonet.»[104] Ian MacDonald var samd i det og skreiv at det var alltid rekna som eit «antiklimaks» i trilogien, men skreiv likevel at «visst det ikkje blir ei enkel lyttaroppleving, er delane sjeldan utan kvalitet.»[105] Erlewine var òg positiv til albumet og skreiv: «Det strekkjer kanskje ikkje rockegrensene som Low og "Heroes", men nyttar utan tvil dei ideane på ein meir effektiv måte.»[35] Mike Powell i Pitchfork skildra Lodger som «det første David Bowie-albumet som ikkje vart marknadsført som noko anna enn eit album med musikk av David Bowie».[56] Sjølv om han meinte at Lodger kanskje alltid kjem til å bli hugsa som det minst «viktige» albumet i Berlintrilogien, konkluderte Wawzenek: «som eit postkort frå ein av dei mest spanande fasane til Bowie, er det eit fascinerande glimt av ein artist midt i ein modig overgang».[38]

Inspirasjon og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Konsensus blant kritikarane då det kom ut var at Lodger var det svakaste i Berlintrilogien.[20][38][106] Biografen Paul Trynka skriv at Lodger mangla «kjensla av risiko og spaning» som hadde «gjennomsyra» dei to føregangarane, og han skulda dels dette på studioet det vart spelt inn i.[107] Men kort tid etter det kom ut føresåg NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray at Lodger kom til å «må 'vekse i styrke' i nokre år, men vil til slutt bli akseptert som eit av dei mest komplekse og givande prosjekta til Bowie».[39] Og albumet kom faktisk til å bli rekna som eit av dei mest undervurderte albuma til Bowie.[22][94][108] Wawzenek skildra det som Bowie sitt Return of the Jedi (1983) heller enn hans Gudfaren III (1990).[38] Medan biografen Christopher Sandford kall Lodger ei «glatt, kalkulert eingongsplate»,[68] meinte Buckley at «det veks for kvart år som går»,[22] og Pegg oppsummerte «i praksis undervurdert og obskurt frå det augneblikket det vart gjeve ut, er det på høg tid med ei kritisk revurdering».[108] Seabrook meinte at då og no kjem lyttarar til Lodger med ei forventning av ei «løysing» til lydane og emna på dei to føregangarane, men får det ikkje. Han meinte at totalt sett mangla det den «pioneranda» til Low og «den reine tyngda» til “Heroes”. Likevel rekna Seabrook somme av songane, inkludert «African Night Flight», «Repetition» og «Red Money», blant hans beste songar frå denne perioden.[109] Trynka skreiv at i løpet av åra har albumet blitt «beundra» heller enn «inderleg elska eller hata», og stilen vert sett som ein føregangar til stile'n til Talking Heads og Spandau Ballet.[110] Lodger er eit av dei mest innverknadstunge albuma til Bowie i følgje Encyclopædia Britannica.[111] Biografen Marc Spitz var samd og skreiv at bruken av verdsmusikk inspirerte Talking Heads på Remain in Light (1980) og Paul SimonGraceland (1986). Spitz skildra musikkvideoane til albumet av Mallet «som like nyskapande som noko Bowie hadde gjort før».[112]

Electronica/techno-artisten Moby sa seinare at den einaste årsaka til at han tok i mot den første jobben sin som golfcaddy var fordi han skulle få råd til å kjøpe Lodger, som nettopp hadde kome ut på den tida.[113] Det amerikanske indierockbandet Built to Spill omtalte albumet i songen sin «Distopian Dream Girl» frå albumet There's Nothing Wrong with Love i 1994.[114] Eit par av songane på Lodger inspirerte to engelske britpop-band i 1990-åra. Blur brukte den same akkordsekvensen som «Fantastic Voyage» og «Boys Keep Swinging» på singelen deira «M.O.R.» i 1997. Songen låner òg melodi og kall-og-svar-vokalen frå «Boys Keep Swinging». Bowie og Eno vart begge oppførte som låtskrivarar på «M.O.R.» etter eit søksmål. Frontmannen Damon Albarn har omtalt Bowie som ei inspirasjonskjelde.[115] Oasis kalla singelen sin «Don't Look Back in Anger», skriven av Noel Gallagher i 1996, opp etter «Look Back in Anger».[116][117] Det amerikanske indierock-bandet Shearwater spelte heile albumet på konsertane sine og på The A.V. Club etter at Bowie døydde tidleg i 2016.[118]

I 1992 laga den amerikanske komponisten Philip Glass ei utgåve av Low som ein klassisk symfoni, kalla Symfoni nr. 1 av Glass eller «Low» Symphony.[119] Han følgde opp med ein symfoni i 1994 basert på “Heroes”, kalla Symfoni nr. 4 av Glass eller “Heroes” Symphony. Glass informerte Bowie om prosjekta og dei to heldt kontakten med kvarandre fram til 2003 og diskuterte ein tredje symfoni som det då ikkje vart noko av. Etter at Bowie døydde i 2016 fortalte Glass at dei to hadde snakka om ein symfoni basert på Lodger, og la til at «ideen har ikkje heilt forsvunne».[120] I januar 2018 annonserte Glass at han var ferdig med ein symfoni basert på Lodger. Det var den 12. symfonien til Glass og hadde premiere i Los Angeles i januar 2019. Symfonien fullførte trilogien av symfoniar basert på Berlintrilogien til Bowie.[121][122]

Bowie turnerte ikkje etter Lodger, men spelte mange av songane på andre turnear. «Red Sails» vart framført i 1983 på Serious Moonlight-turneen; «Repetition» vart framført seint i 1990-åra på Hours-turneen; «DJ» og «Boys Keep Swinging» vart framførte i 1995-1996 under Outside-turneen; «Fantastic Voyage» vart framført i 2003 på A Reality Tour og «Look Back in Anger» vart spelt på alle desse turneane.[123]

Remiks frå 2017[endre | endre wikiteksten]

Lodger vart remiksa i 2017 av medprodusenten Tony Visconti (avbilda i 2007), som var misnøgd med den originale miksen.

I mange år har kritikarar kritisert den originale miksen på Lodger og kalla han «rotete» og «overprodusert». Visconti sa om miksen: «Det einaste eg angra på er at me drog til New York for å fullføre albumet og det leid som følgje av miksinga fordi studioa i New Yorik rett og slett ikkje var like godt utrusta som dei i Europa på den tida.»[65] Bowie skal òg ha vore misnøgd med miksen og omtalt distraksjonar i livet hans og den totale kjensla han og Visconti hadde for at albumet ikkje kom saman like enkelt som dei to føregangarane. Bowie og Visconti byrja å diskutere mogelegheita til å mikse Lodger på ny under innspelinga av det 24. studioalbumet til Bowie, The Next Day (2013) for ei mogeleg luksusutgåve. Visconti sa: «Det er ei viktig plate for oss begge. Davis er samd i at det aldri høyrdest ut slik me ønskte.»[65]

Under innspelinga for det siste albumet til Bowie, Blackstar i 2015, byrja Visconti i løyndom å mikse Lodger.[124] Han presenterte dei nye miksane for Bowie, som godkjende dei før han døydde.[125] Visconti var ferdig med nymiksinga i 2016 og han kom ut på A New Career in a New Town (1977–1982).[106][124] Kory Grow i Rolling Stone skreiv at den nye miksen «løyste opp» lyden på albumet og sa at det er «ei større vekt på strykarane» og perkusjonen «kjen stundom ut av forskjellige høgtalarar». Grow sa vidare at miksen gjer «at alt kjennes lettare ut», mellom anna på «Red Money» og «Yassassin». Totalt set likte Grow den nye miksen og kalla det «eit glimrande nytt forsøk» og skreiv at originalen kjennest no «grumsete ut» samanlikna med den nye.[125] Chris Gerard i PopMatters likte og den nye miksen og meint at det var ei «drastisk forbetring» av plata og «rett og slett ei openberring». Gerard gav mest ros til «DJ», og skreiv at den nye miksen gjev songane «meir kraft og klårheit». Gerard meinte til slutt at den nye miksen var høgdepunktet i plateboksen og at Lodger var blitt eit av dei beste albuma til Bowie.[106]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Fantastic Voyage»David Bowie, Brian Eno2:55
2.«African Night Flight»Bowie, Eno2:54
3.«Move On»Bowie3:16
4.«Yassassin» (tyrkisk Yaşasın for «lenge leve»)Bowie4:10
5.«Red Sails»Bowie, Eno3:43
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«DJ»Bowie, Eno, Carlos Alomar3:59
2.«Look Back in Anger»Bowie, Eno3:08
3.«Boys Keep Swinging»Bowie, Eno3:17
4.«Repetition»Bowie2:59
5.«Red Money»Bowie, Alomar4:17
Total lengd:34:38

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Lodger har blitt gjeve ut fleire gonger på CD. Han kom først ut på CD på RCA i midten av 1980-åra. Rykodisc og EMI gav ut albumet med to bonusspor i 1991.[126][127] Ei anna utgåve utan bonusspor kom ut på Virgin Records og EMI i 1999 med 24-bit digitalt ommastra lyd.[128] I plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982) frå 2017 på Parlophone var det to versjonar av Lodger: ei ommastra utgåve av det originale albumet og den nye remiksen til Visconti.[85] Den ommastra utgåva frå 2017 kom ut separat på CD, vinyl og digitale format året etter.[125]

Bonusspor på 1991-utgåva [17]
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«I Pray, Olé» (Ikkje tidlegare utgjeven, spelt inn 1979)Bowie, Eno3:59
12.«Look Back in Anger» (ny versjon, spelt inn 1988)Bowie, Eno6:59

Andre songar[endre | endre wikiteksten]

I Pray, Olé[endre | endre wikiteksten]

«I Pray, Olé» avsluttar ein kvartett av offisielle, unytta opptak frå Berlin-tida (i lag med «Some Are», «All Saints» og «Abdulmajid»). Som med dei andre spora er det vanskeleg å avgjere om songen verkeleg var ferdig innspelt på den tida eller pynta på sidan.[129]. Songen vart miksa og gjeven ut seint i Tin Machine-tida og teksten vert sagt å vere Tin Machin-aktig til tider, som linja «it’s a god eat god world», medan noko av gitaren kan høyrast ut som Reeves Gabrels, sjølv om det òg kan vere Adrian Belew.[129] Den robotaktige tromminga høyrest ikkje ut som Dennis Davis, men kan vere ei trommeinnspeling av David køyrd gjennom 1980-talsproduksjon.[129]

Nicholas Pegg spekulerte i at «I Pray, Olé» vart fjerna frå Lodger fordi han var for lik melodien på «Look Back in Anger».[129] Songen vart spelt inn kring 1978-1979 med ekstra lydspor og miksing i 1991 i Montreux. Han er berre komen ut på 1991-utgåva av Lodger.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå platenotata.[130] Nummereringa syner til CD- og digitale utgåver av albumet.

Produksjon

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

1979 weekly chart performance for Lodger
Liste (1979) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[131] 11
Austerrikske album (Ö3 Austria)[132] 13
Kanadiske album (RPM)[133] 15
Nederlandske album (MegaCharts)[134] 5
Den franske albumlista (SNEP)[135] 11
Den japanske albumlista (Oricon)[136] 32
Newzealandske album (RIANZ)[137] 3
Norske album (VG-lista)[138] 11
Svenske album (Sverigetopplistan)[139] 9
Britiske album (OCC)[140] 4
US Billboard 200[79] 20
2016 weekly chart performance for Lodger
Liste (2016) Plassering
Britiske album (OCC)[140] 64

Årslister[endre | endre wikiteksten]

1979 year-end chart performance for Lodger
Liste (1979) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[131] 67
Kanadiske album (RPM)[141] 72
Nederlandske album (MegaCharts)[142] 55
Den franske albumlista (SNEP)[143] 58

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[144] 195,900[145]*
Nederland (NVPI)[146] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[147] Gull 100 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Buckley 2005, s. 257.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Mastropolo, Frank (18. august 2021). «The History of David Bowie's Berlintrilogien: 'Low,' 'Heroes,' and 'Lodger'». Ultimate Classic Rock. Arkivert frå originalen 20. august 2021. Henta 20. august 2021. 
  3. Buckley 2005, s. 259.
  4. Carr & Murray 1981, s. 87–90.
  5. O'Leary 2019, s. 37–62.
  6. Pegg 2016, s. 386–388.
  7. Pegg 2016, s. 384.
  8. Buckley 2005, s. 272.
  9. Pegg 2016, s. 388.
  10. 10,0 10,1 Pegg 2016, s. 489.
  11. Pegg 2016, s. 390–391.
  12. O'Leary 2019, s. 55, 656.
  13. Pegg 2016, s. 391.
  14. O'Leary 2019, s. 106.
  15. Pegg 2016, s. 660–661.
  16. Pegg 2016, s. 571–575.
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 17,4 17,5 17,6 Pegg 2016, s. 394.
  18. 18,0 18,1 Buckley 2005, s. 298.
  19. Buckley 2005, s. 278, 298, 302.
  20. 20,0 20,1 20,2 Spitz 2009, s. 298.
  21. 21,0 21,1 21,2 21,3 21,4 Graham, Ben (18. august 2021). «30-Years On: David Bowie's Lodger Comes In From The Cold». The Quietus. Arkivert frå originalen 20. november 2020. Henta 6. desember 2016. 
  22. 22,0 22,1 22,2 22,3 22,4 22,5 22,6 Buckley 1999, s. 335–356.
  23. Buckley 2005, s. 277–279.
  24. Buckley 2005, s. 299.
  25. 25,0 25,1 O'Leary 2019, s. 97–99.
  26. Pegg 2016, s. 296.
  27. Buckley 2005, s. 302–304.
  28. 28,0 28,1 Pegg 2016, s. 394–395.
  29. 29,0 29,1 29,2 29,3 29,4 29,5 29,6 Pegg 2016, s. 395.
  30. 30,0 30,1 Gittins, Ian (2007). «Art Decade». Mojo (60 Years of Bowie utg.): 70–73. 
  31. Buckley 2005, s. 302.
  32. Goble, Blake; Blackard, Cap; Levy, Pat; Phillips, Lior; Sackllah, David (8. januar 2018). «Ranking: Every David Bowie Album from Worst to Best». Consequence of Sound. Arkivert frå originalen 5. januar 2021. Henta 22. august 2021. 
  33. Blackard, Cap; Graves, Wren; Manning, Erin (6. januar 2016). «A Beginner's Guide to David Bowie». Consequence of Sound. s. 6. Arkivert frå originalen 22. august 2021. Henta 22. august 2021. 
  34. Rule, Greg (1999). Electro Shock!. San Francisco: Miller Freeman Books. s. 233. ISBN 978-0-87930-582-6. Low, Heroes (Rykodisc). Groundbreaking ambient electronic work from one of pop's most enduring icons. 
  35. 35,0 35,1 35,2 Erlewine, Stephen Thomas. «Lodger – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 30. mars 2016. Henta 20. august 2021. 
  36. Buckley 2005, s. 305.
  37. 37,0 37,1 37,2 37,3 Buckley 2005, s. 303.
  38. 38,0 38,1 38,2 38,3 38,4 38,5 Wawzenek, Bryan (18. mai 2015). «Revisiting David Bowie's Last Berlintrilogien Album, 'Lodger'». Ultimate Classic Rock. Arkivert frå originalen 18. april 2020. Henta 22. august 2021. 
  39. 39,0 39,1 39,2 39,3 39,4 39,5 39,6 Carr & Murray 1981, s. 102–107.
  40. O'Leary 2019, s. 93.
  41. Doggett 2012, s. 339.
  42. 42,0 42,1 Spitz 2009, s. 290.
  43. 43,0 43,1 Pegg 2016, s. 88–89.
  44. 44,0 44,1 44,2 Buckley 2005, s. 302–303.
  45. Doggett 2012, s. 352.
  46. O'Leary 2019, s. 124–125.
  47. 47,0 47,1 Doggett 2012, s. 354–355.
  48. 48,0 48,1 O'Leary 2019, s. 113–116.
  49. 49,0 49,1 Doggett 2012, s. 355–356.
  50. O'Leary 2019, s. 118.
  51. 51,0 51,1 51,2 Pegg 2016, s. 318.
  52. 52,0 52,1 Pegg 2016, s. 223.
  53. O'Leary 2019, s. 120.
  54. Pegg 2016, s. 68.
  55. 55,0 55,1 Doggett 2012, s. 357.
  56. 56,0 56,1 56,2 Powell, Mike (16. august 2021). «David Bowie: Lodger». Pitchfork. Arkivert frå originalen 24. januar 2016. Henta 16. august 2021. 
  57. Doggett 2012, s. 358.
  58. Raggett, Ned. «'Look Back in Anger' – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 4. juli 2019. Henta 22. august 2021. 
  59. O'Leary 2019, s. 126.
  60. 60,0 60,1 60,2 Buckley 2005, s. 304.
  61. 61,0 61,1 O'Leary 2019, s. 128–130.
  62. Doggett 2012, s. 359–360.
  63. 63,0 63,1 Doggett 2012, s. 360–361.
  64. O'Leary 2019, s. 130–131.
  65. 65,0 65,1 65,2 65,3 65,4 65,5 65,6 65,7 65,8 65,9 Pegg 2016, s. 396.
  66. O'Leary 2019, s. 121.
  67. Pegg 2016, s. 34.
  68. 68,0 68,1 Sandford 1997, s. 177–191.
  69. Pegg 2016, s. 189.
  70. Buckley 2005, s. 304–305.
  71. O'Leary 2019, s. 120–121.
  72. Pegg 2016, s. 48.
  73. O'Leary 2019, s. 128, 660.
  74. 74,0 74,1 74,2 Pegg 2016, s. 48–49.
  75. Buckley 2005, s. 304–307.
  76. «'Lodger' is 41 today». David Bowie Official Website. 25. mai 2020. Arkivert frå originalen 19. november 2020. Henta 22. august 2021. 
  77. Buckley 2005, s. 309–310.
  78. «Lodger – Full Official Chart History». Official Charts Company. Henta 22. august 2021. 
  79. 79,0 79,1 "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard 200 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  80. 80,0 80,1 Buckley 2005, s. 308–314.
  81. Spitz 2009, s. 296.
  82. 82,0 82,1 82,2 Pegg 2016, s. 68–69.
  83. 83,0 83,1 O'Leary 2019, s. 660.
  84. Pegg 2016, s. 318, 224, 781.
  85. 85,0 85,1 «A New Career In A New Town (1977 – 1982)». David Bowie Official Website. 12. juli 2017. Arkivert frå originalen 20. august 2021. Henta 17. august 2021. 
  86. «Look Back in Anger» (Single LP liner notes). David Bowie. US & Canada: RCA Records. 1979. PB-11724. 
  87. O'Leary 2019, s. 126–128.
  88. Pegg 2016, s. 170.
  89. «David Bowie: Lodger». Blender (48). June 2006. 
  90. Kot, Greg (10. juni 1990). «Bowie's Many Faces Are Profiled On Compact Disc». Chicago Tribune. Arkivert frå originalen 16. april 2016. Henta 22. august 2021. 
  91. Larkin, Colin (2011). «Bowie, David». The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-595-8. 
  92. 92,0 92,1 Robbins, Ira (1. november 1991). «Lodger». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 19. oktober 2016. Henta 16. august 2021. 
  93. «David Bowie: Lodger». Q (61). October 1991. 
  94. 94,0 94,1 94,2 Sheffield, Rob (2004). «David Bowie». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 97–99. ISBN 0-7432-0169-8. 
  95. 95,0 95,1 Dolan, Jon (July 2006). «How to Buy: David Bowie». Spin 22 (7): 84. Arkivert frå originalen 2. oktober 2017. Henta 16. august 2021. 
  96. 96,0 96,1 Christgau, Robert (30. juli 1979). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Arkivert frå originalen 17. oktober 2011. Henta 22. august 2021. 
  97. Marcus, Greil (9. august 1979). «Lodger». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 1. august 2011. Henta 22. august 2021. 
  98. Savage, Jon (26. mai 1979). «David Bowie: Lodger». Melody Maker. Henta 20. august 2021 – via Rock's Backpages. 
  99. Starr, Red (31. mai – 13. juni 1979). «Albums». Smash Hits 1 (13): 25. 
  100. «Top Album Picks» (PDF). Billboard. 9. juni 1979. s. 96. Henta 24. august 2021 – via worldradiohistory.com. 
  101. Yamada, Paul (July 1979). «David Bowie: From Low to Lodger». New York Rocker. Henta 20. august 2021 – via Rock's Backpages. 
  102. Robertson, Sandy (26. mai 1979). «David Bowie: Lodger (RCA)». Sounds. Henta 20. august 2021 – via Rock's Backpages. 
  103. Lott, Tim (5. mai 1979). «David Bowie: Lodger (RCA)». Record Mirror. Henta 20. august 2021 – via Rock's Backpages. 
  104. Roberts, Chris (January 2008). «David Bowie: Lodger». Uncut. Henta 24. august 2021 – via Rock's Backpages. 
  105. MacDonald, Ian (January 2003). «Great Albums That Have Fallen Off The Critical Radar: David Bowie's ;;Lodger». Uncut. Henta 20. august 2021 – via Rock's Backpages. 
  106. 106,0 106,1 106,2 Gerard, Chris (12. oktober 2017). «Filtered Through the Prism of David Bowie's Quixotic Mind: 'A New Career in a New Town'». PopMatters. s. 2. Arkivert frå originalen 24. august 2020. Henta 24. august 2021. 
  107. Trynka 2011, s. 348.
  108. 108,0 108,1 Pegg 2016, s. 394–396.
  109. Seabrook 2008, s. 234–235.
  110. Trynka 2011, s. 350.
  111. Carson, Tom. «David Bowie – British singer, låtskrivar, and actor». Britannica. Arkivert frå originalen 21. september 2020. Henta 24. august 2021. 
  112. Spitz 2009, s. 298–299.
  113. «Is Moby's Music Still Good When Its Free?». National Public Radio. 31. mars 2008. Arkivert frå originalen 16. april 2019. Henta 16. april 2019. 
  114. Gordinier, Jeff (31. mai 2002). «Loving the Aliens». Entertainment Weekly (656): 26–34. 
  115. Azad, Bharat (14. august 2007). «Is Damon Albarn the new David Bowie?». The Guardian. Arkivert frå originalen 24. desember 2017. Henta 6. februar 2018. 
  116. «Readers' Poll: The 10 Best Brit-Pop Songs». Rolling Stone. 25. mars 2018. Arkivert frå originalen 26. mars 2018. Henta 24. august 2021. 
  117. Shchelkunova, Maria. «21 Reasons Why Oasis Is So Popular». Culture Trip. Arkivert frå originalen 10. januar 2020. Henta 3. oktober 2020. 
  118. Meiburg, Jonathan (13. mai 2016). «Shearwater covers the entirety of David Bowie's 'Lodger'». The A.V. Club. Arkivert frå originalen 1. juli 2016. Henta 24. august 2021. 
  119. Pegg 2016, s. 490–491.
  120. Pegg 2016, s. 493.
  121. Tilden, Imogen (30. januar 2018). «Philip Glass completes his David Bowie trilogy with Lodger symphony». The Guardian. Arkivert frå originalen 31. januar 2018. Henta 31. januar 2018. 
  122. Swed, Mark (11. januar 2019). «Review: Philip Glass takes David Bowie and the symphony to new places with a stupendous 'Lodger'». Los Angeles Times. Arkivert frå originalen 16. oktober 1977. Henta 16. oktober 1977. 
  123. O'Leary 2019, s. 120–129.
  124. 124,0 124,1 «Revisiting Bowie's Lodger mix: Tony Visconti takes aim at online chatter». StevePafford.com. 22. august 2017. Arkivert frå originalen 18. august 2021. Henta 18. august 2021. 
  125. 125,0 125,1 125,2 Grow, Kory (28. september 2017). «Review: David Bowie's Heroically Experimental Berlin Era Explored in 11-CD Box Set». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 12. november 2020. Henta 24. august 2021. 
  126. Lodger (CD liner notes). David Bowie. US: Rykodisc. 1991. RCD 10146. 
  127. Lodger (CD liner notes). David Bowie. UK & Europe: EMI. 1991. CDP 79 7724 2. 
  128. Lodger (CD liner notes). David Bowie. US: Virgin/EMI. 1999. 7243 521909 0 4. 
  129. 129,0 129,1 129,2 129,3 Chris O’Leary. «I Pray Olé». Pushing Ahead of the Dame. Henta 24. august 2021. 
  130. Lodger (liner notes). David Bowie. UK: RCA Records. 1979. RCA BOW LP 1. 
  131. 131,0 131,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  132. «David Bowie – Lodger – austriancharts.at». Arkivert frå originalen (ASP) 29. oktober 2013. Henta 20. august 2021. 
  133. «Top Albums/CDs – Volume 31, No. 19». RPM. 4. august 1979. Arkivert frå originalen (PHP) 24. februar 2014. Henta 20. august 2021. 
  134. «dutchcharts.nl David Bowie – Lodger». dutchcharts.nl (på nederlandsk). MegaCharts. Arkivert frå originalen (ASP) 31. oktober 2014. Henta 20. august 2021. 
  135. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 7. november 2011. Henta 20. august 2021.  Note: user must select 'David BOWIE' from drop-down.
  136. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  137. «charts.nz David Bowie – Lodger». Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 21. mai 2017. Henta 20. august 2021. 
  138. «norwegiancharts.com David Bowie – Lodger». VG-lista. Arkivert frå originalen (ASP) 16. oktober 2013. Henta 20. august 2021. 
  139. «swedishcharts.com David Bowie – Lodger» (på svensk). Sverigetopplistan. Arkivert frå originalen (ASP) 11. januar 2014. Henta 20. august 2021. 
  140. 140,0 140,1 "David Bowie | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  141. «RPM Top 100 Albums of 1979». RPM. 22. desember 1979. Arkivert frå originalen 5. desember 2012. Henta 24. august 2021. 
  142. «Dutch charts jaaroverzichten 1978» (på nederlandsk). Dutchcharts.nl. Arkivert frå originalen 23. april 2016. Henta 2. april 2014. 
  143. «Les Albums (CD) de 1979 par InfoDisc» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 21. februar 2014. Henta 29. januar 2012. 
  144. «French album salstrofé – David Bowie – Lodger» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  145. «Les Meilleures Ventes de CD / Albums 'Tout Temps'». Arkivert frå originalen 26. desember 2019. Henta 13. januar 2018. 
  146. «Dutch album salstrofé – David Bowie – Lodger» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. 
  147. «British album salstrofé – David Bowie – Lodger». British Phonographic Industry.  Enter Lodger in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]