Lodos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lodos er ein kraftig sørvestleg vind som dominerer i Egearhavet og Marmarahavet og ved middelhavskysten av Tyrkia, året rundt. Han gjev ofte grov sjø og kraftige vindkast. Ordet «lodos» er tyrkisk og tyder «sønnavind».

Vinden er kraftigast om ettermiddagen og døyr ofte ut om natta, men kan stundom vare fleire dagar utan pause. Liknande vind har ein i Adriahavet. Lodos er farleg til havs fordi han brått kan blåse opp og nå storm styrke utan forvarsel.

Lodos er mest vanleg frå oktober til april, med desember som den mest hyppigaste månaden. I tillegg varm luft frå sør, fører vinden òg med seg støv frå Sahara. Stundom vert Bosporossundet stengd for all trafikk, om vinden vert kraftig nok.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]