Hopp til innhald

Lodve Solholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lodve Solholm

Fødd14. mars 1949 (77 år)
Vestnes
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar, embetsmann, skolesjef, lærar
Utdanna vedVolda lærarhøgskule
Høgskolen i Molde
Alle verv

Lodve Solholm (fødd 14. mars 1949 Vestnes) er ein norsk politikar for FrP, og fylkesmann i Møre og Romsdal frå 2009 til 2018.

Solholm tok lærarskuleeksamen i 1972 og tok statsvitskap grunnfag ved Høgskolen i Molde i 1995.

Han var etatsjef for opplæring, kyrkje og kultur i Ørskog kommune 1995-1997 (permisjon frå 1997).

Han vart innvald på Stortinget frå Møre og Romsdal i 1989. Han var president i Lagtinget i perioden 2001-2005. Som stortingsrepresentant var han medlem i Løvebakken mållag. Solholm vart i statsråd 19. desember 2008 utnemnd til ny fylkesmann i Møre og Romsdal, han tok over embetet Ottar Befring då stortingsperioden gjekk ut. Solholm er styreleiar i Nynorsk kultursentrum og var styreleiar i Allkunne AS 2014-2016.[1]

Stortingets presidentskap

[endre | endre wikiteksten]

Stortingskomitear

[endre | endre wikiteksten]

Kommunalpolitisk aktivitet

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Lodve Solholm» i Allkunne, innhenta 15. september 2021.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]