Lodve Torfinnsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.

Lodve Torfinnsson (Hlöðvir) var jarl på Orknøyane, truleg frå omkring 980, til han døydde omkring 991. Han er omtala i Orknøyingasoga[1], i soga om Olav Tryggvason[2] (kap.16), soga om Olav den heilage[3] (kap. 96). Opplysningane er usikre og kan berre i liten grad verifiserast frå andre kjelder.

Liv og lagnad[endre | endre wikiteksten]

I sogene er det opplyst at Lodve var son til orknøyjarlen Torfinn Einarsson (Hausakljuv) og at han hadde fire brør: Arnfinn, Håvard, Ljot og Skule. Han hadde òg to systre som vi ikkje kjenner namnet på. Kvar av systrene fekk ein son som heitte Einar; Einar Klining (kliningr) og Einar Hardkjeft (harðkjotr).

Etter at broren Ljot døydde etter slaget ved Skitten Moore, vart Lodve jarl over Orknøyane. Han var den sist overlevande av sønene etter Torfinn Hausakljuv.

Lodve vart gift med Edna (Audnu), dotter åt ein irsk konge som sogene kallar Kjarval (Kiarvals Irakonungs), og dei fekk sonen Sigurd. Sogene gir få opplysningar om Lodve, men truleg heldt han fast på herredømet over Katanes, som far hans hadde lagt under seg. Han døydde sottedauden og han skal vere gravlagd i Hamn (Huna) på Caithness, nær John o'Groats[4].

Etter han vart sonen Sigurd Lodvesson ny jarl over Orknøyane.

Namnet Hlöðvir[endre | endre wikiteksten]

Det norrøne namnet Hlöðvir blir oftast omsett til «Lodve» på norsk og Lodve Torfinnsson jarl var kanskje den første personen i norrøn tid som hadde dette namnet. Det er eit uvanleg namn og ikkje kjent frå tidlegare tider i norrøne kjelder, men det kan ha samanheng med det franske namnet «Louis». I «Fornmanna sögur: eptir gömlum handritum»[5] er namnet Hlöðvir brukt i eit «Sögubrot», der det står om sonen til Karl den Store: Hlöðvir hafði Frakkaland ok konúnga nafn. Det er såleis nærliggande å tenke seg at Torfinn Hausakljuv kalla opp att sonen sin etter den historiske franske kongen Ludvig den fromme (Louis the Pious) som levde i tida 778-840.

Kong Kjarval[endre | endre wikiteksten]

Kjarval Irskekonge (Kjarvalr Írakonungr) er nemnt fleire stader i dei norrøne sogene, og i den islandske landnåmaboka. Han er blitt identifisert som Cerball mac Dúnlainge[6], konge av Osraige, som døydde i 888 og dermed kan han ikkje ha vore verfar til Lodve jarl. Det kan likevel tenkast at sogeskrivaren meinte å ville opplyse at Edna var ein etterkomar av den irske kongen.

Referanseside Føregjengar O r k n ø y j a r l Etterkomar Tilleggsopplysningar
Orknøyjarlane Ljot Torfinnsson Lodve Torfinnsson Sigurd Lodvesson
(Sigurd Digre)
-

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Soga om Olav Tryggvason av Snorre, omsett av S. Schjött (1900)
  3. Soga om Olav den heilage frå heimskringla.no omsett av S. Schjött (1900)
  4. Sutherland and Caithness in saga-time (Edinburgh 1922) side 26
  5. Fornmanna sögur: eptir gömlum handritum bind 11, side 407
  6. Fragmentary Annals of Ireland Cerball son av Dúnlang er nemnt fleire gonger på slutten av 800-talet.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]