Loen kyrkje
Loen kyrkje | |
kyrkje | |
Land | ![]() |
---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommune | Stryn |
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja |
Bispedøme | Bjørgvin |
Prosti | Nordfjord |
Sokn | Loen |
Fellesråd | Stryn |
Type | Oktagon |
Teknikk | Tømra |
Material | Tre |
Innvigd | 9. september 1838[1] |
Kyrkjegard | Ved kyrkja |
Sitjeplassar | 190[1] |
Wikimedia Commons: Loen kyrkje | |
Loen kyrkje, òg kalla Lokyrkja, står i Loen i Stryn kommune i Sogn og Fjordane fylke, og er ei tømra åttekantkyrkje frå 1838.
Byggmeister for bygget var Elling Waldboe[2] og noko arkitekt finst ikkje nemnd i samband med kyrkja. Kyrkjebygget er truleg inspirert av Innvik kyrkje oppført av eidsvollsmannen Elling Olsson Valbø.[3][4] Kyrkja er lite endra opp gjennom åra og ho er difor ei av dei som gjev ein best inntrykk av korleis det var i norske kyrkjer av denne typen på fyrste halvdel av attenhundretalet.
På kyrkjegarden ved kyrkja ligg dei som vart attfunne etter raskatastrofane som ramma dei inste bygdene ved Lovatnet i 1905 og 1936 gravlagde.[5] Ved kyrkja står det minnesteinar med namna til dei omkomne i ulukkene, og inni kyrkja heng det ei minnetavle.[6]
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 «Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Loen kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane». Vitja 26. mars 2009
- ↑ Dette må vere ein feil, Elling Olsson Valbø døydde i 1831. Valbøe bygde Innvik kyrkje nokre år før.
- ↑ Tveit, 1988, s. 19
- ↑ Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Loen kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- ↑ Tveit, 1988, s. 7
- ↑ «Hermund Kleppa: «Minnesmerke om Lodalsulukkene 1905 og 1936» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane». Vitja 26. mars 2009
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Loen kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Tveit, O. J. (1988). Loen kyrkje 150 år : 1838-1988. Loen sogneråd.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Om Loen kyrkje i Kyrkjebyggdatabasen
- Om Loen sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Eldre fotografi av kyrkja og frå kyrkjegarden på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Stryn kommune på nettstaden disnorge.no
- Vis Loen kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren