Loenga–Alnabrulinja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Loenga–Alnabrulinja til høgre i fotografiet, Hovedbanen med eit svensk tog på veg inn til Oslo Sentralstasjon til venstre.

Loenga–Alnabrulinja er ein 7,3 kilometer lang, einspora, elektrisk drive jarnbanestrekning for godstog mellom skiftestasjonen på Alnabru i Oslo og hamneområdet på Sjursøya i Oslo. På det meste har bana eit fall på 25 promille, som er mykje i jarnbanesamanhang. I gjennomsnitt går det tjue godstog i døgeret på denne banen.

Banen knyter òg saman Østfoldbanen og Hovedbanen utanom Oslo Sentralstasjon, men vert ikkje nytta til persontog.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]