Lofoteneruptiva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lofoteneruptiva eller Lofoteruptiva er eit bergartskompleks som dekker omtrent halvparten av Lofoten og Vesterålen. Intrusjonane er 1700 til 1800 millionar år gamle og sterkt forvitra. Halvparten er dekt av Raftsund-mangeritten.

Lofoteneruptiva vart intrudert av Lødingen-granitten for 1400 millionar år sidan. Etter dette vart det danna ein suprakrustal serie som høyrer til Leknesgruppa, som består av kvartsitt, glimmerskifer, amfibolitt og marmor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]