Lofotfisket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Norske fiskarar på 1910-talet under det travle lofotfisket.
Fiskebåtar i hamna i Svolvær i Vågan kommune i Lofoten under lofotfisket på 1950-talet.
Foto: Kanstad/Nordlandsmuseet
Sløying av torsken på hamna i Svolvær, truleg på 1960-talet
Foto: Nordlandsmuseet si bildesamling etter Kanstad

Lofotfisket er det viktigaste sesongfisket etter torsk i Noreg. Fisket i Lofoten tek til i januar og varer til ut i april. I denne perioden søker etter skrei, vandrande atlanterhavstorsk, inn til kysten for å gyta. Lofotfiske har hatt stor tyding for landsdelen sidan norrøn tid, og har også vore viktig for matforsyning og økonomi i heile landet. Fram til 1940 var lofotfisket hovudinntektskjelde for fleritalet av fiskarane i Nord-Noreg. Desse fiskarane kombinerte som regel fisket med handverk, jordbruk og anna arbeid. I 1933 deltok ca. 32 000 menn i lofotfisket, i 1958 var talet gått ned til 12 000 og i 1990 deltok berre rundt 2 000 fiskere. Lofotfisket er underlagt lov av 1955 om saltvannsfiskeriene.

Gytefelta til skrei strekkjer seg frå Lopphavet til Trøndelag, men dei viktigaste fiskefelta ligg på nordsida av Vestfjorden, frå Lødingen til Røst. Skrei viser til Gytande torsk som samlar seg i store massar om vinteren og våren på kystbankane og i visse fjordar på strekninga mellom Haugesund og Sørøya i Finnmark. I dag bruker ein fiskereiskapar som line, garn, handsnøre og enkelte stader snurrevad.

Tragediar på Lofothavet[endre | endre wikiteksten]

Lofotfisket er ikkje ufarleg, og mange fiskarar kom ikkje heim igjen frå Lofothavet. I tida då ein brukte nordlandsbåt var det særleg mange forlis og omkomne.[1] Den 11. februar 1849 skal det ha døydd rundt 500 mann i Lofoten (tallt er usikkert), noko som truleg var den største tragedien på Lofothavet. Berre i Buksnes kommune omkom 24 mann, og det blei 17 enkjer i kommunen.

  • I tidsrommet 1861–1865 omkom 87 mann på fiskehavet i Nordland.
  • I tidsrommet 1866–1870 omkom 230 mann
  • I tidsrommet 1871–1875 omkom 100 mann
  • I tidsrommet 1876–1880 omkom 99 mann
  • I tidsrommet 1881–1885 omkom 113 mann

Ein av dei store ulukkesdagane var 25. januar 1893. Då omkom 119 mann under overfarten til Lofoten. Fleire ulukker følgde, særleg for enkjer og barn. Heima blei oppløyste og barna blei sett bort til framande.[1]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Historiske fotografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Thorsvik, Eivind: Ut mot hav, ISBN 8290030800 ISBN 9788290030808

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lofotfisket