Lofotposten
Utsjånad
| Lofotposten | |||
| Land | Noreg | ||
|---|---|---|---|
| Type | Avis | ||
| Org.nummer | 968386085 | ||
| Grunnlagd | 1896 | ||
| Eigarar | A-pressen | ||
| Språk | Norsk | ||
| Hovudkvarter | Vågan kommune | ||
| Nettstad | https://lofotposten.no (bokmål) | ||
Lofotposten er ei dagsavis som kjem ut i Svolvær. Avisa har ein redaksjon på Leknes og dekkjer i dag i hovudsak Lofoten. Marianne Steffensen Kielland er redaktør for avisa.
Avisa vart grunnlagt i 1896 av Joh. E. Paulsen og overtatt av a-pressa i 1995. Avisa fekk innsett ein NS-redaktør under krigen og kom ut gjennom heile krigstida. Avisa hadde stordomstida si på 50-talet med eit opplag på over 50 000 og dekte heile Nord-Noreg. Avisa spreidde seg over heile landsdelen mellom anna fordi fiskarane som var på lofotfiske hadde med seg avisa heim. I nyare tid har avisa fått konkurranse i heimemarknaden sin frå Lofot Tidende på Leknes og har tapt marknadsdelar i Vesterålen til Bladet Vesterålen og Vesterålens Avis.
Opplagstal
[endre | endre wikiteksten]Utvikling i nettoopplag.[1]
| År | Nettoopplag |
|---|---|
| 2000 | 9 455 |
| 2001 | 9 162 |
| 2002 | 8 726 |
| 2003 | 8 208 |
| 2004 | 7 871 |
| 2005 | 7 662 |
| 2006 | 7 429 |
| 2007 | 7 330 |
| 2008 | 7 133 |
| 2009 | 6 872 |
| 2010 | 6 512 |
| 2014 | 5 243 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne medieartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |