Lofthus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lofthus i Ullensvang)
For bustadområdet Lofthus ved Årvoll i Oslo, sjå artikkelen Lofthus i Oslo.

Lofthus
tettstad
Ullensvang kyrkje
Foto: Roar Johansen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Ullensvang
Areal 0,57 km²
Folketal 596  (2023)
Folketettleik 1 046 / km²
Postnummer 5781 LOFTHUS
Preposisjon Lofthus
Kart
Lofthus
60°19′32″N 6°39′37″E / 60.3255°N 6.6602°E / 60.3255; 6.6602
Wikimedia Commons: Lofthus
Lofthus sentrum
Lofthus gjesteheim
Hamna i Lofthus

Lofthus er ei bygd og ein tettbygd stad i Ullensvang kommune i Indre Hardanger i Vestland. Staden ligg på austsida av Sørfjorden og Riksveg 13 går gjennom bygda. Sommarstid går det snøggbåt mellom Norheimsund, Utne, Lofthus, Kinsarvik, Eidfjord og Ulvik. Det vert halde NM i morellsteinspyttingMorellfestivalen på Lofthus siste helga i juli kvart år.

Fram til 2019 vart staden rekna som tettstad av Statistisk sentralbyrå.[1]

Landskap[endre | endre wikiteksten]

Lofthus er særprega av Skrikjofossen, den 31. høgaste fossen i Noreg, som kan sjåst frå størsteparten av bygda. Dei to elvane Opo i Ullensvang og Skrikjo kjem begge ned til Lofthus frå Hardangervidda. Elvane møtest og heiter etter dette berre Opo. Opo renn raskt gjennom bygda og munnar ut i Sørfjorden. Opo har også gitt namn til området Opedal.

Lofthus har svært mykje fruktdyrking, både av eple, pærer, plommer og moreller, og eige fruktlager. I dei seinare åra har det vorte laga til ein fruktsti for dei mange turistane som vitjar staden. Fruktstien består av ulike informasjonsskilt om fruktdyrkinga rundt om i bygda. Det finst også eit statleg forskingssenter for fruktdyrking her; Bioforsk.

Hardangervidda er lett tilgjengeleg frå Lofthus. Det går både traktorveg og sti rett opp lia frå bygda. På cirka 900 m.o.h. ovanfor Lofthus ligg fjelltoppen Nosi, som har fått namnet sitt fordi han kan likna på ein nase. På veg opp hit passerer ein også dei såkalla Munkatreppene. Området rundt Nosi vert ofte brukt til paragliding.

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Lofthus har både daglegvarehandel, kiosk, husflidsbutikk, fotobutikk, pub, frisørsalong, campingplass og gjesteheim.

Barneskulen Opedal Skule ligg på Lofthus. Her går elevane frå Lofthus frå 1. t.o.m. 7. klasse; etter det startar dei på Kinsarvik Skule.

På Lofthus står Ullensvang kyrkje, som er ei steinkyrkje bygd på 1200-talet. På Lofthus ligg også det kjende Hotel Ullensvang, som i dag eig komponisthytta til Edvard Grieg, Komposten, frå den tida han budde på Lofthus for å få inspirasjon til musikken sin.

Hardanger Folkehøgskule er å finna på Lofthus. Om somrane, når folkehøgskulen har sommarferie, vert bygget brukt som vandrarheim. Eit par kilometer nordover frå Lofthus ligg friluftsmuséet Skredhaugen.

Kjende personar frå Lofthus[endre | endre wikiteksten]

Lofthus er også i bruk som slektsnamn, i dag er det 420 personar som har Lofthus som etternamn. Nokre kjende berarar er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nye og utgåtte tettsteder». Statistisk sentralbyrå. Henta 17. mars 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Lofthus